Betaling - eigenberedskap

Visste du at kontantar kan vere avgjerande dersom kortterminalar og nettbetaling sviktar i ei krise?

Å ha småpengar og sedlar lett tilgjengeleg kan sikre at du får kjøpt nødvendige varer.

Eigenberedskap for betalingar
Betalingssystema i Noreg er vanlegvis både sikre og effektive. Likevel kan digitale angrep, tekniske feil, menneskelege feil eller straumbrot føre til at systema sviktar – og du får ikkje betalt som vanleg.
For å vere førebudd, bør du ha fleire alternativ for betaling.

Dette kan du gjere:
-Ha fleire betalingskort
Gjerne både debet- og kredittkort, og kort frå ulike bankar. Då har du alternativ viss eitt system sviktar.
- Ha litt kontantar heime
Gjerne i mindre valørar, slik at du kan betale nøyaktig. Vurder kor mykje du treng ut frå kor mange de er i husstanden og kva de kan få behov for å kjøpe.
-Ha konto hos fleire bankar
Dersom ein bank har tekniske problem, kan du framleis få tilgang til pengane dine via ein annan

Betaling

Foto: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Sist oppdatert

Tilleggsinnhold

Tilleggsinnhold som kontaktinformasjon, åpningstider eller lignende.

Innholdet skal alltid pakkes inn i dekorasjonen «Tilleggsinnhold»

Fant du det du var på jakt etter?