Apalvegen bufellesskap


Apalvegen bufellesskap er eit butilbod for personar med ulike psykiske lidingar. Det omfattar 14 leilegheiter, med ei blanding av privateigde og kommunale bustader. Bufellesskapet har døgnbemanna personalbase og fellesstove for sosialt samvær.

Fokuset ligg på å gje brukarane verktøy for å meistre kvardagen, mellom anna hjelp med bustad, sysselsetjing og tilrettelagd fritid. Det blir lagt vekt på fysisk aktivitet for å fremje helse og velvære.

Dei tilsette har solid fagkunnskap innan psykiatri og somatisk helse, medrekna handtering av legemiddel. Personalet sørgjer for utlevering og tilsyn med medisinar. Bufellesskapet samarbeider med instansar som fastlege, tannlege, DPS, Valen sjukehus, NAV og ansvarsgrupper.

For å få plass må det vere ledig leilegheit og innvilga søknad om helsetenester. Kriteria for tildeling av plass er blant anna at ein har ei psykisk liding som krev omsorg utover det ein kan få dekt gjennom ambulerande tenester, at ein ikkje aktivt nyttar rusmiddel og at ein nyttar seg av tilbodet eit bemanna bufellesskap gir.

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?