Dagrehabilitering
Dagrehabilitering er eit tverrfaglig rehabiliteringstilbod som er lokalisert ved Stord Kommunale Rehabiliteringssenter.
Korleis er eit rehabiliteringsopphald i dagrehabilitering?
Dagrehabilitering er eit tidsavgrensa og målretta tilbod for personar som har hatt eit brått eller gradvis funksjonsfall. Tilbodet er for deg som har behov for intensiv rehabilitering i tilrettelagde trenings- og terapilokale, og som treng oppfølging frå fleire faggrupper for å nå dine mål.
Kven passar tilbodet for?
Søkar må ha behov for:
- systematisk og målretta trening
- tverrfagleg oppfølging
- aktiv deltaking i rehabiliteringa
Motivasjon for trening er viktig for å ha nytte av dagrehabilitering.
Mål for rehabiliteringa
Opphaldet tek utgangspunkt i spørsmålet «Kva er viktig for deg?».
Saman med deg avklarer me eitt eller fleire mål, til dømes:
- betre balanse og fallførebygging
- betre gangfunksjon
- vedlikehalde eller auke funksjon i eldre år
- gjenvinne funksjon etter sjukdom eller skade
- fokus på ernæring og tryggleik
- meistre kvardagen heime
- gjenopprette eller styrke sosialt nettverk
- språktrening eller betre stemmestyrke
Tilbod i dagrehabilitering
Individuelt opphald
- Måndag, onsdag og fredag i fire veker
- Tilpassa deg som har hatt eit brått funksjonsfall, sjukdom eller har behov for tett individuell oppfølging
- Tverrfagleg oppfølging frå fysioterapeut, ergoterapeut og helsefagarbeidar
- Samarbeid med logoped kan etablerast ved behov
(merk: krev henvisning frå fastlege i forkant av opphaldet)
Gruppetilbod
- Tysdag og torsdag i seks veker
- For deg som kan delta i gruppebasert trening
- Fokus på styrke og balanse for å vere trygg og mest mogleg sjølvstendig i kvardagen
- Oppfølging av fysioterapeut
Aktiv deltaking
For å oppnå best mogleg resultat må du delta aktivt og samarbeide i treninga. Rehabiliteringa skjer i samspel mellom deg og fagpersonane.
Følg oss på sosiale media for informasjon, råd og tips:
Facebook - Aktivitet og re/habilitering Stord kommune Lenke til et annet nettsted.
Instagram - aktivitetogrehabilitering Lenke til et annet nettsted.
Praktisk informasjon før eit opphald
Transport
Du må kome deg til Stord rehabiliteringssenter på eiga hand. Dersom du fell innafor kriteria kan me revirera pasientreiser.
Eigenbetaling
Eigenbetaling for dagrehabilitering dekkjer måltid og vert fakturert etter gjeldande satsar i Kommunale avgifter og gebyr.
Sjå satsane under Prisar lenger nede på sida.
Klede og utstyr
- Møt i klede og sko som passar til trening
- Ta ikkje med eigedelar av stor verdi
- NB: Kommunen forsikrar ikkje private eigedelar
- Ta med hjelpemiddel du nyttar i kvardagen, til dømes:
- rullator
- rullestol
- høyreapparat eller andre hjelpemiddel
Dagsrytme individuelt tilbod
Oppmøte: 09:00
Frokost: 09:00–09:30
Aktivitet/trening: 09:30–11:30 (fysio, ergo, logoped, personale på avdeling)
Pause: 11:30–12:00
Aktivitet/trening: 12:00–13:00 (personale på avdeling)
Middag: 13:00
Heimreise: 13:30
Dagsrytme gruppetilbod
Oppmøte: 10:00
Aktivitet/trening: 10:15–11:00 (personale på avdeling)
Pause: 11:00–12:00 (frukt, yoghurt, kaffi – lett servering)
Gruppetrening: 12:15–13:00 (fysioterapeut)
Middag: 13:00
Heimreise: 13:30
Korleis søkje plass
- Du kan søkje via søknadsskjema lenger nede på sida under “Skjema”.
- Du kan henvende deg via dei tenester du allereie har td Heimebaserte tenester, kommunal fysio- eller ergoterapi, eller du kan ta direkte kontakt med avdelinga.
- Kvar henvending vil verta vurdert opp i mot om ein fyller kriteria for å vera mottakar av tenesta. Alle henvendingar vert prioritert etter ein prioriteringsnøkkel.
Teieplikt: Dei tilsette har teieplikt om personopplysningar.
Kontakt oss
Telefonnummer direkte til avdelinga: 90 27 33 65
Avdelingsleiar - Bente Bjelland: 41 18 19 01
Einingsleiar: Kristin Steinsland
Prioriteringsnøkkel
Prioriteringsnøkkel individuelt tilbod
Prioritering | Eksempel | Max. ventetid |
Prioritet 1: Desse må vurderast for behov for forlenging av opphald. | Personar som treng intensiv rehabilitering etter sjukdom/skade. T.d. hjerneslag og brot. | 6 veker |
Prioritet 2: Som hovudregel vert ikkje desse tilbudt forlenga opphald.
| Personar som pga sjukdom/skade har fått gradvis funksjonsfall. Har auka behov for hjelp i heimen, og kan utsette /redusere behov for helseteneste i heimen. Nye brukarar av tenestene vert prioritert over kjende der ein elles stiller likt. Ukjende brukarar treng meir omfattande kartlegging. | 12 veker |
Prioritet 3: Som hovudregel vert ikkje desse tilbudt forlenga opphald. | Personar som har behov for eit opphald på dagrehabilitering 1 gang i året for å få eit løft, slik at dei kan vedlikehalde dei funksjonane som trengs for å kunne bu heime.
| 52 veker |
Prioriteringsnøkkel gruppetilbod
Prioritering | Eksempel | Ventetid |
Prioritet 1:
Nye brukarar av tenestene
| Brått funksjonsfall med behov for intensiv styrke- og balansetrening i gruppe t.d etter akutt sjukdom eller skade. Brukarar som ikkje har vert på Dagrehabilitering før og treng eit fysisk løft. | 12 veker |
Prioritet 2: | Personar som har behov for eit opphald på dagrehabilitering 1 gang i året for å få eit løft, slik at dei kan vedlikehalde dei funksjonane som trengs for å kunne bu heime. | 52 veker |
Priser
Dagrehabilitering
Dagrehabilitering kr 173,- per dag. Prisen er inklusive måltider.
Dagrehabilitering er eit tverrfaglig rehabiliteringstilbod som vert gjeve ved Stord kommunale rehabiliteringssenter.
Eigenbetaling for førebyggjande tenester og lågterskeltilbod
| Tilbod | Pris |
|---|---|
| Utlån av kommunale hjelpemiddel | Gratis |
| Transport av hjelpemiddel | Gratis |
| Handtak | kr 236 |
| Gruppetrening einingane driv (gjeld ikkje fysioterapi) | kr 367 per semester |
| Transport til og frå dagtilbodet Sæbø gard | kr 49 per dag |
| Varm lunsj i Arbeid og aktivitet, per måltid | kr 62 |
| Kaffi/te/bursdagskasse i Arbeid og aktivitet, per mnd. | kr 62 |
| Terapibading | kr 120 |
Relatert informasjon
Sist oppdatert
