Om Furuly barnehage

Barn og foreldre møter -og vert kjendt med alle tilsette då me har tett samarbeid på tvers av avdelingane.

Nærområdet vårt er trygt og roleg, og næraste naboar er Stord sjukehus, Spar butikken og Hystad skule.

Me har dyktige tilsette som jobbar for at alle barn skal ha eit trygt og godt barnehagemiljø. Dei er omsorgsfulle, set tydelege grenser, er aktivt med barna i leiken og passer på at alle vert inkludert.

Barna skal få positive opplevelsar i barnehagen ved å høyre til i eit inkluderande fellesskap og utvikle venskap. 

Barnehagen gjev tilbod til 40 - 45 barn fordelt på tre avdelingar.

                                                  Årshjul over felles aktivitetar:

Årshjul felles aktivitetar

Me har nulltolleranse for mobbing og krenkelsar, og jobbar kvar dag med å styrke barna sin sosiale kompetanse.

Barnehagen nyttar biletsymbol, ASK (alternativ, supplerende kommunikasjon) som språkstøtte til alle barn.

Å utvikle eit godt språk er noko av det viktigaste som skjer i eit barn sitt liv. Ei god språkutvikling legg grunnlaget for den sosiale, den kognitive så vel som den emosjonelle utviklinga.  

Personalet skal synleggjere og framheve mangfald og ulikskap som grunnlag for opplevingar, utforsking og læring.   

Eit inkluderande leikemiljø

Me skal vidareutvikle det fysiske leikemiljøet, og jobbe for at alle barn kjenner seg inkludert i barnegruppa. Det fysiske leikemiljøet er viktig i arbeidet med inkludering. Kva det fysiske miljøet har å tilby av leiker og ulike materiell vil gi føringar for barna sitt samspel og leikemoglegheiter.

Barnehagepuls  

Barnehagepuls skal gi meir fokus på fysisk aktivitet og motorikk i barnehagen. Gjennom bevegelsesglede og meistring av ferdigheter ynskjer me å leggje til rette for god motorisk utvikling og fysisk form. I tillegg til å bidra til god helse, er fysisk aktivitet i tidlig barnealder sjukdomsforebyggjande og det fremmer sosial deltaking og trivsel. Forskning viser også ein tydeleg samanheng mellom fysisk aktivitet og læring. Dette er eit samarbeid mellom barnehagen og barnefysioterapeutane i kommunen.