Liten avdeling - Luren

 Lurengruppa består av elleve 1-åringar.  Barna vert delt i smågrupper i leik og aktivitetar.

Kjenneteikn ved 1-åringen sin leik

Sansebasert

Dei undersøkjer verda ved å ta, smake, kjenne, kaste, banke og høyre på ting.

Kroppsleg og motorisk

Leiken er knytt til rørsle – som å krabbe, reise seg, gå, bære eller la ting fare.

Side om side-leik (parallellleik)

 Dei leikar gjerne ved sidan av andre barn, heller enn direkte med dei, sjølv om de skjer mykje spennande samspel og augneblinkskontakt.

Kort spennvidd

 Oppmerksamheit og interesse skiftar raskt frå ein aktivitet til ein annan.

Kvardagsleik

 Leik og rutinar flyt inn i kvarandre; å smørje med ei skeie, fylle vatn i bøtter eller bere på ein kubbe er ekte leik.

 

Korleis vaksne støttar leiken


Tryggleik og nærvære

 Ein 1-åring treng ein trygg vaksen (tilknytningsperson) i næriteten for å tørre å utforske.

Tilgjengelegheit

 Dei vaksne må vere opne, lutfølgjande og rettleie forsiktig i samspel med andre born.

Eit godt leikemiljø

Gulvplass, enkle leiker (kasser, ballar, klossar, bøtter og vatn) som inspirerar til fri utforsking utan for mykje styring

Hallbjørg Sagmo Eide - pedagogisk leiar 

Andrea Jonassen Lunde - barnehagelærar

Sigrun Nylund - pedagogisk medarbeidar

Hildegunn Monsrud - fagarbeidar



Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?