Fysioterapi for barn og unge
Fysioterapeuten har kompetanse til å vurdere funksjonsproblem og bidra til tiltak som kan styrke barn og unge si funksjonsevne og deltaking.
Fysioterapeuten kan vurdere, søkje og tilpasse hjelpemiddel for målgruppa.
Målgruppe
Tenesta gjev tilbod til barn og unge med nedsett funksjonsevne og motoriske vanskar.
Tenesta er delt i aldersgruppene 0-8 år og 8-16 år.
Ta kontakt med privat institutt ved akutt skade og smerte.
Vilkår
Tenesta er gratis. Me tilviser til privat praktiserande fysioterapeut, der det er naturleg.
Samarbeidspartnarar
Føresette, helsesøstre, lege, ergoterapeut, spesialisthelsetenesta, pedagogar, skule og barnehage.
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan sjølv ta kontakt med oss, eller du kan bli tilvist frå våre samarbeidspartnarar.
Fysioterapeuten vil samarbeide med føresette og andre medverkande fagpersonar om organisering av tiltak. Dei kan skje i heimen, i barnehage og skule, eller hjå fysioterapeuten.
Høve til å klaga
Fysioterapitilbodet er ikkje tildelt etter faste vedtak. Tilbodet er styrt etter aktuelt behov. Du kan klage på sjølve utføringa av helsetenesta du får.
Sist oppdatert
