Cool kids/Chilled angstmeistringskurs
Cool Kids er eit forskningbasert behandlingsprogram med mål om å hjelpe born og ungdom med å handtere engstelse, med støtte frå føresette.
Det er vanleg at barn og unge i perioder opplever å vere engsteleg og redd i ulike situasjonar. Ofte er dette ein naturleg del av utviklinga, som varar i ein periode før engstelsen slepp taket. Sterk engstelse kan derimot føra til at bornet/ungdommen ikkje klarar å gjere ting han/ho har lyst til.
Cool kids er for dei med vedvarande plager som fører til begrensingar i livet, noko som kan få følger på skulen og/eller på fritida. Typiske vanskar er at ein gruer seg for å vere åleine, delta i sosiale settingar eller sterk bekymring for sjukdom og skade. Nokon er svært redd for å gjere feil eller få kjeft, er redd for at noko skal skje med familien eller gruer seg til framføringar. Ein kan også ha meir spesifikke fryktar som t.d. naturkatastrofar, dyr og sprøyter osv.
Om kurset
- Barn/ungdom og føresette møter fyrst til ein samtale. Det vert gjort ei heilskapeleg vurdering om behandlinga er eigna eller ikkje.
- Det er til saman 10 samlingar à 90 minutt.
Erfaring viser at behandlinga gir best effekt dersom føresette bidrar aktivt og støttar barnet i oppgåvene dei får mellom samlingane. Føresette må vera førebudd på å bruka ekstra tid på dette, og trene på øvingar heime. Det er viktig at barnet er med på kvart treff. Samlingane vil føregå på dagtid.
Det viktigaste i Cool Kids er å hjelpa barnet til trinnvis å møta det han eller ho er redd for ved å lære å handtera uroa si betre. Trening på å finna meir realistiske tankar er ein sentral del av kursopplegget.
Kurstilbodet vil rullere mellom barne- og ungdomsskuleelevar. Det er begrensa antall plassar.
Ny gruppe for barn som går i 8. - 10. klasse startar hausten 2026.
Påmelding: Gruppa er fullteikna.
For meir informasjon, ta kontakt med helsesjukepleiar:
Silvia Horneland: mailto:silvia.horneland@stord.kommune.no
Liv Tysdal: mailto:liv.tysdal@stord.kommune.no
Sist oppdatert
