Søvnkurs for ungdomsforeldre
Førebyggjande tenester i Stord kommune ynskjer velkomen til eit 2 timars søvnkurs for foreldre til ungdomsskuleelevar som har utfordring med søvn.
Foreldrekurset har som målsetnad å auke kunnskapen om kva som påverkar søvn og korleis ein kan betre søvnen til ungdommen. Utgangspunktet er at foreldre er den viktigaste ressursen for ungdommen sin, ein viktig rollemodell og ein avgjerande støttespelar i arbeidet med å etablere gode søvnvanar.
Det er plass til 20 foreldre på kvart kurs, og her er det "førstemann til mølla" som gjeld.
Kven kan melda seg på: foreldre til ungdom som går på ungdomsskulen.
Kvar: Blåbygget i Sagvåg, 2. etg. ( Vassneset 1 )
Vel ein dato som passar for deg/dykk og fyll ut kontaktskjema. Dykk får automatisk plass, om ikkje så tek me kontakt.
Meld deg på her: Påmelding søvnkurs for ungdomsforeldre – Fyll ut skjema Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
