Helse og velferd
Skulehelsetenesta er eit lågterskeltilbod, forankra i «Helse- og omsorgstenestelova».
Helsesjukepleiar har teieplikt, m.a. etter «Helsepersonellova».
Elev eller foreldra kan ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen om det er noko dei ynskjer å ta opp. Døme på tema kan vere kosthald, søvn, fysisk aktivitet, grensesetjing, mobbing, endring i familieforhold, venner og psykisk helse.
Faste oppgåver gjennom skuleåret:
1. klasse: Samtale med hørselstest, vekt og høgde (m/foreldre)
2. klasse: Vaksine mot difteri, stivkrampe, polio og kikhoste
3. klasse: Vekt og høgde
5. klasse : Undervisning om psykisk helse ; «Psykologisk førstehjelp», Pubertetsundervisning i grupper
6. klasse: MMR-vaksine
7. klasse: Vaksine mot HPV, 3 dosar.
Helsesjukepleiar arbeider tverrfaglig ved behov, m.a. med skule, fastlege, PPT og BUP. Samarbeid skjer etter samtykke frå foreldre.
Mobbeombod
Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet rettleier i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.
Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 57 30 03 33 eller på e-post mobbeombod@vlfk.no
Du kan følgje ombodet på Facebook (www.facebook.com/mobbeombod Lenke til et annet nettsted.) eller på Instagram (https://www.instagram.com/ombodvestland/ Lenke til et annet nettsted.).
Du kan lese meir om ombodet og korleis du kan få hjelp, på www.vlfk.no/mobbeombodet Lenke til et annet nettsted.
Relatert informasjon
Relaterte artikler
- Helse og velferd
- Accident Insurance for Primary School Students
- Ulykkesforsikring for elevar i grunnskulen
- Ulykkesforsikring for elever i grunnskolen
- Helse og velferd
- Helse og velferd
- Okul sağlık hizmeti
- School Health Service
- Service de santé scolaire
- Skolehelsetjeneste
- Skulehelseteneste
- Skuvladearvvašvuođabálvalus
- Медицинский кабинет при школе
- الخدمات الصحية المدرسية
- Helsesjukepleiar
- Skulehelsetenesta
- Helsestasjon for ungdom og studentar
- Informasjon til barn og unge med nedsett funksjonsevne
- Foreldre til barn og unge med nedsett funksjonsevne
Sist oppdatert
