Musikkleik
Musikkleik
Musikkleik 0-1 er eit tilbod for barn frå 0 til 1 år (halvårskurs). Me ser helst at barna er 2 månader når dei startar.
Musikalsk samvær skapar rom for meiningsfulle augeblikk og gode opplevelingar. Mor, far eller andre omorgspersoner si stemme og kropp i rytmisk aktivitet, song og leik, skapar tryggleik og glede hos små barn. Musikk er også viktig kommunikasjonsmiddel. Før me lærer å snakke, uttrykker me oss ved hjelp av musikken sitt språk. Musikk er bevegelse, lyd, rytme, stemningar og uttrykk. Songen styrkar det nære og viktige samspelet mellom foreldre og barn.
Bånsuller ved leggetid roar ned både vaksne og barn. Musikk kan også skape glede og liv, eller gi stadfesting på vanskelige kjensler hos barnet.
Sist oppdatert
Fant du det du var på jakt etter?
