Nullutslepp i 2030

Kommunestyret vedtok i 2020 å verta ein nullutsleppskommune i 2030 i høve til klimagassutslepp. Målsettinga er på linje med Vestland fylkeskommune si målsetting. Men kor store klimagassutslepp er det i kommunen og kva er det å verta ein nullutsleppskommune? 

Å ha nullutslepp av klimagasser vil sei at opptak er lik utslepp av klimagasser. Med klimagass meinast karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O). Desse klimgassane bidreg til ein auka drivhuseffekt i atmosfæren. For å få ein felles måleverdi vert måleeininga CO2-ekvivalenter nytta. Dette gjer at det er eit felles mål for kor mykje ulike klimagassar bidreg til oppvarming av atmosfæren.

Klimagassutslepp i Stord kommune

Innanfor dei geografiske grensene til Stord kommune har Miljødirektoratet data som dei publiserar årleg. Utslepp av klimagassar på Stord - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no) Lenke til et annet nettsted. Vestland fylkeskommune har òg laga ei oversikt over klimafotavtrykket til Vestland fylkeskommune Lenke til et annet nettsted.

Dei samla utsleppa innanfor dei geografiske grensene til Stord kommune er omtrent 65 000 t CO2 ekvivalenter. Dei største utsleppskjeldene er knytt til 1. sjøfart, 2. vegtransport og 3. anleggsmaskiner og liknande. 

Korleis redusera utslepp

Å redusera utsleppa av klimagasser ned til at utslepp skal vera lik opptak inneber eit samarbeid mellom offentlege styresmakter, næringsliv, innbyggjarar og frivillige organisasjoner. Kommunen jobbar no med å få ei oversikt over klimagassutslepp, og å sjå på kva tiltak som kan gjennomførast og kva tiltak som skal prioriterast. 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?