Hagerupshuset

Hagerupshuset ligg midt i Leirvik sentrum og er ein varm og historisk møtestad. Eining for kultur ved Frivilligsentralen er ansvarleg for aktivitet i huset, saman med den frivillige organisasjonen Venelaget for Hagerupshuset.

Utleige av Hagerupshuset

Lag og organisasjonar får låna huset gratis til opne aktivitetar, eller leiga det rimeleg til interne samlingar. Hagerupshuset høver godt til private markeringar som årsmøte, konfirmasjon, dåp, minnestund. 

Merk at lokalet ikkje kan leigast ut til private festar og barnebursdagar.

Venelaget for Hagerupshuset

Du kan bli med å forma huset ved å melda deg inn i venelaget for Hagerupshuset. Dette kostar 100 kroner per år for enkeltpersonar, og 500 kroner for lag eller bedrift. Ønskjer du å gje eit økonomisk bidrag til venelaget sitt arbeid så kan du senda på Vipps nummer #962524.

Hagerupshuset si historie

Hagerupshuset er frå om lag 1790 og er eit av stadig færre døme på klassisisme på Stord. Hagerupshuset vart i 1848 flytta frå det gamle tunet i Frugarden til Leirvik, der det står i dag. Her starta eigaren, Søren Vincent Hagerup, landhandel og dampskipsekspedisjon. Seinare vart det både postkontor og telegrafstasjon i bygget. Hagerupshuset i Leirvik vart etter kvart liggjande svært sentralt i den tettstaden som voks fram frå andre halvparten av 1800-talet. Huset har hatt mange funksjonar, men var gjennom mesteparten av 1900-talet bustad for familien Hagerup. Stord kommune kjøpte huset i 1982.

Utleigekategori

Pris inntil 3 timar

Pris per time utover 3 timar

Møter ideelle lagkr. 600,-kr. 100,-
Møter private/ firmakr. 1 100,-kr. 150,-
Lukka arrangement2500,- 

LEIGEVILKÅR / LEIGEREGLEMENT

Leigetakar pliktar å setja seg inn i dette leigereglementet og oppslag for rømingsvegar (dette finn du i lokalet). Leigetakar er ansvarleg for å evakuera alle personar i leigde lokale via næraste rømingsveg.

Leigetakar kontaktar Stord kulturhus kiosk/resepsjon for å henta/levera nøkkel. Ved utleige på dagtid kan nøkkel hentast/leverast i Stord rådhus (mellom kl. 10.00 – 14.00). Leigetakar skal sjå til at leigde lokale er klargjort for ny utleige etter bruk. Det vil seie at leigetakar har ansvar for all rydding. Stolar og bord skal setjast attende slik dei var plassert før utleiga. Har ein nytta kjøken/ kjøkenutstyr skal alle benkeflater reingjerast, og alt bestikk, glas e.l. skal vera vaska og satt på plass.

Om leigetakar forlét lokalet ulåst, er leigetakar ansvarleg for alt utstyr som tilhøyrar Hagerupshuset, og er såleis erstatningsansvarleg ved tjuveri e.l. Alle manglar/ feil med utstyr må meldast frå med det same, om ikkje er leigetakar erstatningspliktig.

Ved skade eller tjuveri som gjeld Leirvikstova sitt anlegg/ inventar/ utstyr under utleigeperioden, er leigetakar erstatningspliktig. 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?