Aktivitetar for eldre – Stord kommune

Aktivitetar for eldre i Stord

Her finn du oversikt over aktivitetar, treff og tilbod for eldre i kommunen. Mange er gratis og opne for alle!

Aktiv til hundre – DNT Stord-Fitjar

Gratis
  • Oppmøte ved Skjepahaugen (ved Heiane)
  • Kvar andre torsdag (partalsveker) 10:30
  • Kontaktperson: Frank Breistein

Passar for alle uansett form – roleg tempo, kvilebenkar langs vegen og kaffikos i gapahuken. Ta med niste!

Dugnad på Leirvik fyr

Gratis
  • Leirvik fyrstasjon på Midtøya – frå moloen ved Oma Slipp
  • Oftast onsdagar 10:00–15:30 (ikkje faste datoar)
  • Kontaktperson: Astrid Larsen

Sosialt dugnadsarbeid i regi av venelaget for Leirvik fyr. Ein fin dag ute med oppgradering og lett vedlikehald av fyret og området rundt.

Eldretreff

Kr. 70,- per gong
  • Kulturhuset og Buneset
  • Onsdagar 11:00–13:30 i Kulturhuset.
    Torsdagar 11:00–13:30 i Buneset

Me et lunsj saman, pratar og spelar bingo. Har du eit handarbeid du held på med, er du hjarteleg velkomen til å ta det med deg!

Meld deg på: 900 18 404 Margunn Hamre Vassdal

Husflid og handaktivitet – Stord husflidslag

Kr. 795,- per år
  • Gruo, museet, Hagerupshuset m.fl.
  • Ulike tidspunkt – sjå nettsida
  • Kontaktperson: Johanne Gram Langeland

Ulike verkstadar og kurs i handverk, sy, strikk og meir. Kjekke dagar med kreativt handarbeid!

Høyrselshjelp

Gratis
  • Leirviksstova
  • Første torsdag i månaden 11:00-13:00
  • Kontaktperson: Leif Erik Larsen

Treng du hjelp med høyreapparatet, eller har andre spørsmål om høyrsel?

Lagsmøte – Pensjonistforbundet

Gratis
  • Leirviksstova
  • Andre torsdag i månaden 17:00
  • Kontaktperson: Trude Dypå Lunde

Kåseri, allsong, trim, kaffi, åresal og musikk. Triveleg samvær for alle!

Middag for eldre

Kr. 100,- per middag
  • Leirviksstova
  • Tysdagar 10:00–13:00

Middagsservering i triveleg lag. Påmelding er nødvendig.

Meld deg på: 900 18 404 Frivilligsentralen

Røde Kors «I lag»

Gratis
  • Leirviksstova
  • Tysdagar 16:30–18:30

Vaffelservering og sosialt samvære – berre å møta opp! Lurer du på noko kan du ta kontakt med Britt Reksnes i Røde Kors.

Seniordata

Kr. 25,- per gong
  • Leirviksstova
  • Torsdagar 11:00–13:00

Møt andre og få opplæring i bruk av data, nettbrett og mobil. Kom gjerne med konkrete spørsmål du ønskjer hjelp med. Kaffi inkludert i prisen.

Seniordans

Kr. 300,- per halvår i medlemskap
  • Leirviksstova
  • Måndagar 11:00–13:00
  • Leiast av Åse Storesund

Ringdansar og lette dansar til fengande musikk. Kjekt og sosialt!

Seniorkorpset

Gratis
  • Stord ungdomsskule
  • Torsdagar 19:00–21:00
  • Leiast av Svein J. Koppang

Korps for messingblåsarar og slagverk. Spel musikk i godt lag!

Seniortur – DNT Stord-Fitjar

Gratis
  • Oppmøte bak Kiwi Studalen
  • Kvar andre onsdag (oddetalsveker) 10:00
  • Kontaktperson: Frank Breistein

To turalternativ – ein lett og ein litt tyngre. Ingen krav til DNT-medlemskap.

Seniortrim menn – Stord IL turngruppa

Kr. 1500,- per år
  • Hystad skule
  • Måndagar og torsdagar 21:00–22:00
  • Kontaktperson: Lars Mugaas

Styrketrening, balanse, uttøying og avspenning for seniorherrar.

Trim

Gratis
  • Leirviksstova
  • Tysdagar og torsdagar 10:00–10:30
  • Leiast av Anne Katrin Ottesen

Lett trim for eldre – berre møt opp, ingen påmelding nødvendig!

Møt opp direkte – ingen påmelding

Turar med Pensjonistturgruppa

Kr. 100,- per halvår
  • Oppmøte ved Hagerupshuset
  • Annakvar onsdag (oddetalsveker)
  • Leiast av Torolf Taranger

Organiserte turar med godt selskap.

Varmtvannstrening – Stord revmatikarlag

Kr. 750,- / 1500,- per halvår
  • Rehabiliteringssenteret Lønningsåsen
  • Måndagar, tysdagar og torsdagar – dag- og kveldstid
  • Kr. 750,- (medlem) · Kr. 1500,- (ikkje-medlem) per halvår

Trening i varmt basseng med flott musikk og dyktige instruktørar. Særleg godt for ledd og musklar.

Ingen aktivitetar passar det valde filteret.

Har organisasjonen din aktivitetar for eldre?

Å delta i fellesaktivitetar og sosiale samlingar betyr mykje for helse og trivsel. Stord kommune ønskjer å samla alle relevante tilbod på éin stad. Send oss informasjon om aktiviteten, og me legg det til i oversikta.

Send e-post til Margunn

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?