Nysæter filial stengd
Med ny bibliotekplan vedteken av politikarane 3. mars i år, har me stadfesta at Stord kommune skal ha eitt bibliotek i Leirvik. Diverre var besøket av andre enn skuleungdom ved Nysæter filial veldig liten og ikkje nok til at me kunne forsvare å oppretthalde tilbodet.
Nysæter ungdomsskule vil likevel få eit bidrag frå folkebiblioteket i lys av skulebibliotekkoordinator Ingelin Petterteig som denne våren er tilsett i eit prosjekt støtta av Udir. Skulebibliotekkoordinatoren skal koordinere skulebibliotektenesta i kommunen, og dette kjem alle skulane til gode. Me håpar på nye midlar frå Udir no i 2026 for å halde fram med å utvikle tenesta me er i ferd med å byggja opp. Alle barnehagar i Sagvåg har fått barnehagebibliotek der foreldra kan låne med bøker heim frå barnehagen. Andre lånarar må bruke biblioteket i kulturhuset i Leirvik.
Sist oppdatert
.jpg)
