Eigarskapsmelding og styremedlemmar

Det er viktige verdiar, interesser og samfunnsfunksjonar som vert forvalta i kommunale selskap og føretak. Målet med eigarskapsmeldinga er å drøfta kommunen sine ulike motiv for å oppretta eller å delta i selskap. 

Vidare å få etablert nokre prinsipp og reglar for kommunen si eigarstyring, rammer for utøving av eigarskap i ulike selskapsformer, samt prinsipp og reglar for politisk og administrativ oppfølging av selskapa.

Del I presenterer aktuelle selskapsformer for kommunen, felles prinsipp og strategiar for ei god eigarstyring i dei ulike selskapsformene, samt reglar og prosedyrar for politisk og administrativ utøving av eigarstyringa.

Del II omtalar selskap som Stord kommune eig eller deltek i.

Les eigarskapsmeldinga for Stord kommune (pdf) pdf, 777 kB, åpnes i nytt vindu.

Oversikt over styremedlemmane frå Stord kommune.pdf pdf, 212 kB, åpnes i nytt vindu.

Fordeling av roller og ansvar i arbeidet med eigarskapsforvaltning i Stord kommune. pdf, 61 kB.

Rapporteringsmal for dagleg leiar (pdf) pdf, 66 kB.

Når ein kommune som Stord vel å leggja kommunale tenester og oppgåver til selskap utanfor den ordinære kommunen, inneber dette ei form for fristilling av verksemda. Dette kan redusera moglegheita for direkte politisk styring, og den politiske styringa må difor ivaretakast gjennom formelle styringskanalar som er
regulerte av lovverket. For å sikra vellukka og aktiv styring er det avgjerande at rollefordelinga mellom dei ulike aktørane er tydeleg og kjent.

I dette kapittelet får du ei oversikt over korleis Stord kommune utøver eigarskapet sitt.

Rolle/organ

Ansvar/oppgåve

Kommunestyret

  • Øvste ansvar for eigarstyringa
  • Vedtek eigarskapsmelding, eigarstrategiar og deltaking i selskap
  • Godkjenner vedtekter, selskapsavtalar og aksjonæravtalar
  • Fastset mål og rammer for heile eigarskapspolitikken

Formannskapet

  • Førstebehandling av alle eigarskapssaker
  • Utgjer eigarorgan for kommunale føretak
  • Vel styremedlemmar i føretak
  • Årleg eigardag med sentrale selskap

Valkomite

  • Førebur og innstiller styrekandidatar
  • Sikrar kompetanse og skriftleg grunngjeving ved innstilling

Eigarrepresentant(ar)

  • Representerer kommunen i eigarorgan (t.d. generalforsamling/representantskap)
  • Stemmer i tråd med eigarskapsmelding og føringar frå formannskapet
  • Fremjar forslag til endringar i eigarstrategiar
  • Sikrar forankring av eigarskapsmelding i selskapa

Kontrollutvalet

  • Utfører selskapskontroll
  • Sikrar at eigarrolla vert ivaretatt
  • Kan gjennomføra forvaltningsrevisjon ved behov

Kommunedirektør

  • Legg til rette for politisk eigarstyring
  • Fremjar forslag til eigarstrategiar
  • Utarbeider framlegg til revidert eigarskapsmelding
  • Tilrettelegg opplæring for folkevalde og styremedlemmar

Styret i selskapa

  • Har overordna ansvar for drift og leiing av selskapet
  • Fører tilsyn med dagleg leiing
  • Utarbeider årleg plan og møteplan for styrearbeidet
  • Sikrar habilitet, etikk og intern ansvarsdeling
  • Gjennomfører årleg eigenevaluering