For folkevalde
Her finn du som folkevald i Stord kommune nyttig informasjon og skjema for innsending til politisk sekretariat.
Møtekalender og forfall
Møtekalender Åpnes i nytt vindu.
Om du som medlem eller innkalla varamedlem har gyldig forfall til eit politisk møte, skal du sende inn Melding om forfall til politisk møte Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.så snart som mogleg.
Gildskap/habilitet
Den som er ugild i ei sak, jf. kommunelova § 11-10 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., og reglane om gildskap i forvaltningslova kap. II Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., skal ikkje vera med å drøfta eller avgjera ei sak. Når du skal handsama ei sak som folkevald må du vurdera om du eller ein av dine næraste har ei interesse i saka. Det kan dreia seg om økonomiske interesser, eller at du eller dine næraste har ei rolle som eigar, styremedlem eller dagleg leiar i eit selskap.
Som folkevald vil du vera ugild om du har tilknytning til ei sak, eller partar i saka, som er eigna til å skapa tvil om du vil handsama saka på ein objektiv og upartisk måte.
Spørsmål om gildskap Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.må vurderast frå gang til gang. Om du er i tvil om du er gild, må du gi beskjed til politisk sekretariat så snart som mogleg slik at me kan vurdera med utgangspunkt i den informasjonen du har gitt.
Fritak frå politiske verv
Kommuneloven § 7-9 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. seier kva som gjeld når ein folkevald fråtrer vervet (når ein ikkje lenger er valbar ved f.eks flytting), og ved søknad om fritak frå politiske verv.
Du kan søkja om fritak dersom det er vesentleg ulempe for deg å ha vervet.
Du må melda frå om flytting eller søkja om fritak Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. frå politiske verv til kommunen, og det er kommunestyret som vil handsama søknaden.
Melda frå om utmelding av politisk parti
Du må melda frå om utmelding av politisk parti Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. til kommunen. Du må sjølv melde deg ut av partiet og eventuelt inn i nytt parti.
Godtgjersle og tapt arbeidsforteneste
Stord kommune si forskrift om folkevalde si godtgjersla § 12 seiar at den faste godtgjersla skal utetalast 2 gonger pr. år (juli og desember), med unntak av ordførar, varaordførar, utvalsleiarar og leiar i kontrollutvalet som får leiargodtgjersla utbetalt med 1/12 del pr. månad.
Timegodtgjersle vert utbetalt i desember månad kvart år. Det vert ikkje betalt feriepengar for godtgjersle.
Tapt arbeidsforteneste Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.kan krevjast for politiske møter du er innkalla til. Du må leggja med dokumentasjon som stadfester tap av inntekta.
Folkevalde kan få dekt reiseutgifter til møte, i samband med synfaringar, pålagde konferansar og liknande i samsvar med kommunale skyssregulativ til ei kvar tid. Reiserekning (word) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.skal sendast til politisk sekretariat på post@stord.kommune.no
For at kommunen skal kunne utbetale godtgjersle og/eller tapt arbeidsforteneste treng me personopplysingar i samband med politisk verv Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Forslag, spørsmål og interpellasjonar
I politiske saker til kommunestyret og utvala (OKU, RHO og BUT), kan medlemmer og varamedlemmer som er til stade fremja Forslag til vedtak/endring/tillegg/utsetjing av politisk sak (fyll i PDF) pdf, 1 MB, åpnes i nytt vindu.Forslaget skal sendast på e-post til møtesekretær på førehand eller i møtet.
Utanom dei sakene som står i innkallinga kan medlemmer og varamedlemmer som skal vera i møte, retta Interpellasjon og spørsmål Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.til ordførar/leiar.
Dersom eit spørsmål er sett fram kort tid før møtet eller under møtet, kan ordførar/leiar nøye seg med eit kortfatta munnleg svar med ein gong og supplere dette med eit meir fyldig svar i neste møte. Spørsmål av prinsipiell art, der det vert føresett meir omfattande svar og ev. debatt, vert å handsama som interpellasjon. Interpellasjonar skal meldast skriftleg minst 10 dagar før møtet.
Reglement for kommunestyret, formannskapet og kommunestyret sine råd og utval
Alle folkevalde i Stord kommune skal gjera seg kjent med politisk reglement og retningslinjer, delegasjonsreglement frå kommunestyret til andre folkevalde organ og kommunedirektør, forskrift om godtgjersle til folkevalde og økonomireglementet til Stord kommune.
Du finn reglementa under politiske reglement. Åpnes i nytt vindu.
Folkevaldopplæring
KS Folkevaldprogram 2023-2027 er eit tilbod til alle folkevalde i kommunestyrer, fylkesting, utval og bydeler i heile landet.
Stord kommune har hatt to dagar med folkevaldopplæring i regi av KS, etter kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023.
Agenda folkevaldopplæring dag I 15.12.2023 finn du på følgjande lenke: Utvalsmøte (elementscloud.no) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Agenda folkevaldopplæring dag II 26.01.2024 finn du på følgande lenke: Utvalsmøte (elementscloud.no) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
I tillegg kan du som folkevald gå direkte inn på KS sine eigne sier å finne nyttig informasjon:
- KS Folkevalgtprogram - KS Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- KS-hefter for folkevalde Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Habilitet i kommunar og fylkeskommunar - regjeringen.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
KS Styrevervregister - vert avvikla frå 31.03.2025
KS styrevervsregister avvikles i sin noverande form frå 31.03.2025
Les meir på KS sine nettsider Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Relatert informasjon
Skjema
- Framlegg til vedtak/endring/tillegg/utsetjing av politisk sak (fyll i PDF)
- Reiserekning (word)
- Forfall til politisk møte
- Fritak frå politiske verv
- Gildskap / habilitet i politiske saker
- Interpellasjon og spørsmål
- Personopplysingar i samband med politiske verv
- Tapt arbeidsforteneste
- Teiingslovnad for politikar
- Utmelding av parti
Relaterte artikler
- Eldreråd
- Klagenemnd
- Formannskap
- Valstyret
- Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
- Utval for rehabilitering, helse og omsorg
- Kontaktutval for innvandrarar og flyktningar
- Utval for oppvekst og kultur
- Kommunal planlegging - medverknad
- Innbyggjarforslag
- Ungdomsråd
- Politiske reglement
- Utval for byutvikling
- Kontrollutval
- Valkomité
- Administrasjonsutval
- Kommunestyret
- Sakkunnig nemnd og ankenemnd eigedomsskatt
- Fellestenester
Sist oppdatert
