Tilbodet er prega av leik, kultur og fritidsaktivitetar  med utganspunkt i og medverknad for barnet. Vidare er SFO ein arena der barn kan få moglegheit for sosial og kulturell utfalding og utvikling. Barna skal få omsorg og tilsyn på SFO. Me som jobbar ved Leirvik SFO  jobbar kvar dag for at barna trivest og er trygge i kvardagen. Barna skal oppleve omsorg frå dei vaksne, men også seg i mellom. Me jobbar med gode relasjonar og  vennskap.

Skulen sin læreplan saman med lovverk, som opplæringslova , rammeplan for SFO og vedtekter for SFO, er grunnlaget for organisering og planlegging ved Leirvik SFO.

Dagsrytmen ved SFO er namneopprop, måltid, fri leik og tilrettelagte aktivitetar.

Leiken er sentral i SFO. Dette fordi leik er barns naturlege utrykk og væremåte. Det skjer mykje læring gjennom leik, ein utviklar fantasi og  kreativitet, ein får bruke språket, sjå ting frå andre sitt perspektiv, ein kan gå inn og ut av ulike roller og reise i tid. Barna tek omsyn til kvarandre, diskutere seg fram til løysingar, dei får vere aktive og drivne av indre motivasjon.

Me tilbyr ulike aktivitetar på SFO, men vel barna i stor grad sjølv om dei vil vere med på desse aktivitetane eller ikkje. Det kan for eksempel vere eventyrstunder, formingsaktivitetar, leik med ulike materialar ute eller inne.

Årsplan for Lerivik SFO 2022,2023