Skulen har eit flott nærområde, der Vikastemmo ("Andadammen") utgjer eit flott parkområde og  Landåsen gjer tilgang til mange turstiar og naturbiotopar. I nærområdet er det også svært gode tilhøve for å driva fysisk aktivitet. Her er fleire hallar, kunstgrasbane, skeisebane, sandvolleyballbane, berre for å nemna nokre av fasilitetane.

Skuleåret 2019/20 har me ca. 320 elevar og ca. 40 tilsette. Elevane er organiserte i 14 grupper, 4 paralle klassar på 8., 9. og 10. steget, samt 2 grupper med samansetjing av elevar frå ulike steg. Dei tilsette er organiserte i 3 arbeidslag, eitt for kvart trinn.

"Kongen på haugane" vart offisielt opna tysdag 13. februar 2018. Utvendig er skulen eit praktbygg med spanande arkitektur som viser fantastisk godt att i landskapet - innvendig ein innbydande, topp moderne skule som legg til rette for moderne læringsprinsipp og høg trivselsfaktor for elevar og tilsette.