Nokre av våre satsingsområde no er lesing og digitale ferdigheiter.

Rommetveit skule og SFO er med i skuleutviklingsprogrammet RESPEKT, som har som mål å skape godt læringsmiljø. 

Rommetveit SFO skal gi borna tilsyn og omsorg, læring gjennom leik, allisidige aktivitetar og sosial utvikling i samspel med andre born, personale, føresette og nærmiljø. SFO samarbeider med Stord kulturskule, og borna får tilbod innan musikk og kunst ein dag i veka.  I Rommetveit SFO har me òg studentar frå HVL og vidaregåande skule (idrett), samt elevar som treng arbeidspraksis.