Musikk-karusell og Musikkleik 0-1 og 1-2

Musikk-karusell for 1. og 2. trinn.
Tilbodet er organisert som storgruppetilbod med omlag 10-12 elevar. Elevane skal få smakebiter frå dei ulike faga i kulturskulen og opplegget vil vere prega av leik. I tillegg får elevane bli kjent med ulike instrument.
Musikkleik for 0-1-år og 1-2 år.
Musikkleik 0 -1 er eit tilbod for barn frå 0 til 1 år, kulturskulen anbefaler at barna er minst 2 månader når dei startar. Musikkleik 1-2 er for barn frå 1 - 2 år.
Musikalsk samvær skapar rom for meiningsfulle augeblikk og gode opplevingar. Mor, far eller andre omsorgspersoner si stemme og kropp i rytmisk aktivitet, song og leik, skapar tryggleik og glede hos små barn. Songen styrkar det nære og viktige samspelet mellom foreldre og barn.
Bånsuller ved leggetid roar ned både vaksne og barn. Musikk kan også skape glede og liv, eller gi stadfesting på vanskelige kjensler hos barnet.
Tilbodet blir gjeve til barn og foreldre i grupper. Merk at dette tilbodet har eigne søknadsfristar som vert annonsert på kulturskulen si heimeside, Stord kommune si heimeside.
Undervisninga er lagt til formiddagstid og er i Stord kulturhus.
Prisar
Kulturskulen
| Elevavgift: | Pris i kr |
|---|---|
| Instrumental-vokalundervisning, individuelt og i mindre grupper | 4 600 |
| Undervisning i større grupper(dans, visuelle kunstfag, teater, parkour m.m) | 3 900 |
| Instrumentleige | 750 |
| Dirigenttimar til skulekorps | 24 000 |
| Søskenmoderasjon (reduksjon i elevavgifta) for barn/aktivitet 2 | 20% |
| Søskenmoderasjon (reduksjon i elevavgifta) for barn/aktivitet 3 eller fleire | 40% |
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Fiolin og cello
- Song
- Piano
- Gitar og Bass
- Slagverk
- Skulekorps
- Dans
- Parkour
- Visuelle kunstfag
- Friplassordning
- Søk plass
- Blåseinstrument
- Music and Arts School
- Музыкальная школа и детский центр культуры: набор учащихся
- Ecole d’arts et de musique
- Müzik ve kültür okulu - kabul
- Musihkka- ja kulturskuvla - sisaváldin
- معهد الموسيقى والثقافة - التسجيل
- Kulturskole
- Kultur
Sist oppdatert
