Tilbod danseundervisning
Stord kulturskule har desse tilbod i dans:
Klassisk ballett under skulealder (barneballett)
Barneballett er for barn i alderen 3-6 år og passar både for gutar og jenter. Med fokuset på danseglede, fantasi og kreativitet, inneheld klassane grunnleggjande ballett-teknikk med bruk av bilete, historiefortelling, klapping og morosame musikalske leiker. Barna vil utvikle kroppsbevissthet, konsentrasjon og koordineringsevne, musikalitet, rytmefølelse og ulike bevegelseskvalitetar. Kvart semester vert alltid avslutta med ei framføring for foreldra. Undervisninga er lagt opp til å vere utan foreldre/føresette, men me oppmodar foreldre/føresette om å vere i området utanfor undervisningsrommet.
Klassisk ballett
Det vert undervist i metoden Cecchetti.
På disse klassene vert all basistrening for dansarar lagd inn med kroppsposisjonar, fotarbeid, koordinasjon, fleksibilitet og styrke. I tillegg jobbar me fram grasiøse bevegelsar og en lyrisk framtoning.
Seinare i vidarekomne grupper vert bruk av tåspiss-sko introdusert og teknikken og kroppen vert utfordra til stadig høgare nivå.
Ballettundervisninga er organisert etter alder og nivå.
Dans 3-4 år
Dette er eit dansetilbod for dei heilt yngste elevane. Med fokus på danseglede, fantasi og kreativitet er undervisninga lagt opp med variert musikk, historiefortelling, klapping og morosame musikalske leiker. Barna vil utvikle kroppsbevissthet, konsentrasjon og koordineringsevne, musikalitet, rytmefølelse og ulike bevegelseskvalitetar.
Kvart semester vert alltid avslutta med ei framføring for foreldra.
Undervisninga er lagt opp til å vere utan foreldre/føresette, men me oppmodar foreldre/føresette om å vere i området utanfor undervisningsrommet.
Dans 4-5 år
Dette er eit dansetilbod for dei yngre elevane. Med fokus på danseglede, fantasi og kreativitet er undervisninga lagt opp med variert musikk, historiefortelling, klapping og morosame musikalske leiker. Barna vil utvikle kroppsbevissthet, konsentrasjon og koordineringsevne, musikalitet, rytmefølelse og ulike bevegelseskvalitetar.
Kvart semester vert alltid avslutta med ei framføring for foreldra. Undervisninga er lagt opp til å vere utan foreldre/føresette, men me oppmodar foreldre/føresette om å vere i området utanfor undervisningsrommet.
Jazzdans
Jazzdans har ulike former og presentasjonar. Her kjem det sceniske uttrykket til sin rett i kropp og form. Me jobbar med alt frå hurtig og leikande til følsamt og langsamt. Her blir me inspirert av ulike kulturar og stilar. Alt frå streetinfluenser til musikal-kombinasjonar kan bli presentert. Musikken kan variere frå hitlister i samtida til gode, gamle klassikarar.
Anbefalt aldersgrense er frå 2. trinn.
Moderne dans
Tilbod for elevar frå 12 år og eldre som har danse jazz eller ballett i kulturskulen.
Priser
Kulturskulen
| Elevavgift: | Pris i kr |
|---|---|
| Instrumental-vokalundervisning, individuelt og i mindre grupper | 4 600 |
| Undervisning i større grupper(dans, visuelle kunstfag, teater, parkour m.m) | 3 900 |
| Instrumentleige | 750 |
| Dirigenttimar til skulekorps | 24 000 |
| Søskenmoderasjon (reduksjon i elevavgifta) for barn/aktivitet 2 | 20% |
| Søskenmoderasjon (reduksjon i elevavgifta) for barn/aktivitet 3 eller fleire | 40% |
Relatert informasjon
Relaterte artikler
- Fiolin og cello
- Song
- Piano
- Gitar og Bass
- Slagverk
- Skulekorps
- Parkour
- Visuelle kunstfag
- Musikk-karusell og Musikkleik 0-1 og 1-2
- Friplassordning
- Søk plass
- Blåseinstrument
- Music and Arts School
- Музыкальная школа и детский центр культуры: набор учащихся
- Ecole d’arts et de musique
- Müzik ve kültür okulu - kabul
- Musihkka- ja kulturskuvla - sisaváldin
- معهد الموسيقى والثقافة - التسجيل
- Kulturskole
- Kultur
Sist oppdatert
