IKT

IKT-eininga er ei intern støtteeining for organisasjonen Stord kommune og har ansvar for rådgjeving, brukarstøtte, innføring- og drift av IT og telefoni. Eininga har 8 fast tilsette og 3 lærlingar.

Eininga er organisert i eit team.

Fagområda i kommunen nyttar ulike fagprogram. Fleire av desse inneheld personsensitive opplysningar og set særskilde krav til informasjonstryggleik og infrastruktur.

Stord kommune har eit komplekst nettverk med høge krav til effektivitet og tryggleik. Ei sentral oppgåve for IKT-eininga er å standardisere infrastruktur og programvare. IKT driftar eigne serverrom, nettverk og klientar i tillegg til telefoni-løysinga for kommunen.

Det er eit strategisk val at me i størst mogeleg grad skal nytta felles IKT-system og fagsystem som vert drifta sentralt.

Stord kommune har i dag eit moderne driftsmiljø og infrastruktur basert på Windows-plattforma. Som kontorstøttesystem nyttar Stord kommune Microsoft 365.

Meld inn sak eller problem her Serviceportal (pureservice.com) Lenke til et annet nettsted.

Brukarstøttetelefonen er bemanna frå 08.00 til 10.00 og 13.00 til 15.00 kvardagar, bortsett frå tysdagar då er den open 08:00-08:30 og 13:00-15:00.

Tlf. 53 49 66 65.

IKT-eininga har ansvar for den gjennomførande delen av informasjonstryggleiken, og IT-sjefen er medlem i kommunen sitt tryggleiksforum.


NamnTittel

Gisle Østrem

Tlf:  975 52 005

E-post: ikt@stord.kommune.no

Einingsleiar
Britt Tone IdsøeSystemansvarleg Unit 4
Espen NylundIKT-rådgjevar
Magnhild Bjørk MoIKT-rådgjevar
Ilhan YirmiIKT-fagarbeidar
Atle MidtbøIKT-konsulent
Hans Olav PetterteigIKT-fagarbeidar
Kristian GjøsæterIKT-konsulent



 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?