Personvern – dine rettar
Kort fortalt
Som innbyggjar har du rettar til dine eigne personopplysingar som blir brukte av kommunen. Blant anna har du rett til å få vite kva kommunen har av informasjon om deg og kva dei opplysingane blir brukte til.
Beskrivelse
Rett til innsyn i eigne opplysingar Du kan be om å få ein kopi av alle opplysinga dine, også elektroniske spor, metadata og kva profilar du er blitt overdrege. Det er gratis å få innsyn og du kan vende deg anten til kommunen sentralt eller den delen av kommunen du ønskjer innsyn frå, for eksempel barnevernet eller fastlegen. Rett til å korrigere feilaktige opplysingar Dersom du oppdagar at kommune sit med opplysingar om deg som er urette, kan du krevje retting. Du må kunne sannsynleggjere at opplysingane er urette og kva som er korrekt. Rett til sletting I nokre tilfelle kan du krevje at opplysingane dine blir sletta. For eksempel når det ikkje lenger er nødvendig å behalde opplysingane dine. Det er ein del unnatak til denne retten, og eitt av dei er dei offentlege styresmaktene si arkiveringsplikt. Rettar ved automatiserte avgjerder Når kommunen baserer saksbehandlinga si på eit dataprogram, for eksempel dersom du blir automatisk overdregen ein barnehageplass, har du rett til:
- å seie meininga di
- å klage på avgjerda
- å krevje at eit menneske gjennomgår saka.
Målgruppe
Alle som bur i kommunen.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
- Om bruk av fødselsnummer Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Rett til retting (Datatilsynet) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Rettar ved automatiserte avgjerder (Datatilsynet) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Rett til innsyn (Datatilsynet) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Rett til sletting (Datatilsynet) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Regelverk
Dette er ei lovpålagt teneste. Sjå:- Rett til innsyn, personvernforordninga artikkel 15
- Rett til retting, personvernforordninga artikkel 16
- Rett til sletting, personvernforordninga artikkel 17
- Rettigheter ved automatiserte avgjørelser, personvernforordninga artikkel 22.
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du kan ta kontakt med kommunen sentralt, for eksempel ved tenestetorget, eller til det enkelte tenesteområdet.
Saksbehandling
Kommunen skal vurdere alle innsynsspørsmål og gi eit svar eller utføre den etterspurte handlinga.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle spørsmålet så snart som mogeleg og seinast innan ein månad.
Klagemulighet
Dersom du meiner at personvernrettane dine ikkje er blitt følgt, kan du klage til kommunen eller til Datatilsynet.
2020 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 11.05.2020
Relatert informasjon
Sist oppdatert
