Helsestasjon 0-5 år
Helsestasjonstenesta har ei sentral rolle i folkehelsearbeidet i kommunen, og arbeider både med psykisk/fysisk helse og sosiale forhold.
Tilsette er legar, helsesjukepleiarar og assistentar. Arbeidet inneber m.a. foreldrevegleiing og rådgjeving, heimebesøk til nyfødde, helseundersøking for spe- og småbarn, vaksinering, kartlegging, støttande/motiverande samtaler, oppfølging og nettverksarbeid.
Me har fokus på rettleiing og støtte i spørsmål om barnets vekst og utvikling, og me vurderer og gjev råd i høve til tilknyting, kommunikasjon, samspel og trivnad. Me ønskjer å hjelpe born og familiar som opplever overgrep, vold, rus eller andre vanskelege heimeforhold.
Me tilviser vidare ved behov, og samarbeider m.a. med fastlege, barnehage, psykisk helseteneste, PPT og barnevern. Me har teieplikt, og samarbeid skjer etter samtykke frå føresette.
Tenesta driv førebyggande og helsefremjande arbeid. Dersom barnet er sjukt og treng behandling, skal ein nytte fastlegen sin. Helsestasjonen kan gje råd dersom foreldre t.d. er usikre på barnets symptom og behov for legevurdering.
Febersjuke barn skal ikkje møte på helsestasjonen, men føresette kan ringe for rådgjeving.
Tilbod på helsestasjonen
- Barseltreff
- 6 veker: Helsesjukepleiar/lege, vaksine
- 3 mnd: Helsesjukepleiar, vaksine
- 4 mnd: Tema: Barn og utvikling, gruppe
- 5 mnd: Helsesjukepleiar, vaksine
- 6 mnd: Helsesjukepleiar/lege
- 7/8 mnd: Helsesjukepleiar, gruppe
- 10 mnd: Tema: Tannpleie, gruppe
- 12 mnd: Helsesjukepleiar/lege, vaksine
- 15 mnd: Helsesjukepleiar, vaksine
- 17/18 mnd: Helsesjukepleiar, gruppe
- 2 år: Helsesjukepleiar/lege
- 4 år: Helsesjukepleiar
På kvar kontroll vil me sjå på utviklinga generelt: Lengde, vekt, hovudomkrins, søvn, ernæring, aktivitet og motorikk, familiesituasjon og nettverk.
Me tilbyr også fysioterapeut til spedbarn og barn ved behov. Ta kontakt via din helsesjukepleiar eller direkte til fysioterapeut Katrine Nilsen Mjønes: Tlf. 904 13 265 eller e-post: katrine.nilsen.mjones@stord.kommune.no
Invitasjon til barseltreff
Me har gleda av å invitere til barseltreff på helsestasjonen. Der vil du treffe jordmor og helsesjukepleiar, samt andre foreldre med nyfødde.
Me snakkar om føde- og barseltid, amming og ernæring, samspel og forventningar, utvikling og søvn, mobilbruk, alkoholbruk m.m.
Det er mogeleg å vege barnet.
Barseltreffet er onsdagar kl. 13.00-14.30.
Helsestasjonen har fylgjande tilbod til barn og foreldre
Spe- og småbarnskontrollar
Der vil du treffe helsesjukepleiar og lege som vil fylgje med utviklinga hos barnet ditt, og vegleie dykk som foreldre om barn, kost, søvn, familierutinar, helse og trivsel med meir.
Grupper
Me vil kunne tilby nokre av kontrollane som grupper, der dette er mogeleg å få til. Då kan de treffa andre foreldre med born i same alder.
Vaksinasjon
Alle vaksinane i barnevaksinasjonsprogrammet vert tilbydd ved kontrollane. Barnet byrjar programmet ved 6 vekers alder.
Meir informasjon kan de finna på Vaksiner til barn (barnevaksinasjonsprogrammet) - FHI Lenke til et annet nettsted.
Relatert informasjon
Lenkjer
- Amathea - råd til ufrivillig gravide
- Ammehjelp - ammehjelpen.no
- Babyens gråt og kroppspråk - bufdir.no
- Barneombudet
- Barsel og oppfølging etter fødsel - helsenorge.no
- Er du uroa for eit barn? betrinnsats.no
- Etter fødsel - helsenorge.no
- Farskapserklæring, medmorskap og barnets namn og fødselsnummer - helsenorge.no
- Film om fødsel - youtube.com
- Fødeavdelinga Haugesund
- Fødeavdelinga Stord
- Graviditet, fødsel og barseltid i Norge - brosjyre frå helsedirektoratet.no
- Graviditet og arbeidsmiljø - arbeidstilsynet.no
- Graviditet og bruk av medisin - tryggmammamedisin.no
- Helsenorge.no - helsestasjon
- Helsenorge - rus og avhengigheit
- Hjelpetilbud i kommunen
- Kjenn liv - kjennliv.no
- Kompetansesenter mot seksuelle overgrep - nokbergen.no
- Lite liv i svangerskapet - Oslo-universitetssykehus.no
- Mamma Mia - sjølvhjelpsprogram
- Mat for gravide - matportalen.no
- Mental helse ungdom
- Metodar og hjelpemiddel for snus- og røykeslutt
- Nasjonal retningslinje for svangerskapsomsorgen - helsedirketoratet.no
- Pasient og tolk
- Pasientrettigheitslova
- Rettleiar ved vald og overgrep - diveiut.no
- Sex og samfunn
- Skeiv ungdom
- Svangerskapspengar - nav.no
- Ung.no
- Utfordrande dialog i heimen? bufdir.no
- Vaksinering av RhD-negative gravide - helse-bergen.no
Relaterte artikler
- Barselgrupper
- مجموعات المولود الجديد
- Groupes Jeunes Parents
- Barselgrupper
- Annelik grupları
- Postnatal groups
- Njuoratmánnájoavkkut
- Грудничковые группы
- Førebyggjande helsetenester
- Медико-санитарные услуги для беженцев, лиц, ищущих убежища и воссоединенных членов семьи
- Dearvvašvuođa- ja fuolahusbálvalusat báhtareddjiide, dorvoohcciide ja sidjiide geat leat bearrašiin deaivvadan
- الخدمات الصحية والرعوية للاجئين وطالبي اللجوء والقادمين عبر جمع الشمل الأسري
- Mülteciler, sığınmacılar ve yeniden birleşen aileler için sağlık ve bakım hizmetleri teklifi
- Offre de services de soins et de santé aux réfugiés, demandeurs d’asile et bénéficiaire du regroupement familial
- Health and Care Services for Refugees, Asylum Seekers, and Family Reunification Beneficiaries
- Helse- og omsorgstjenestetilbud til flyktninger, asylsøkere og familiegjenforente
- Helse- og omsorgstenestetilbod til flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte
- Svangerskapsomsorg
- Учет по беременности
- الرعاية أثناء الحمل
- Áhpeshisvuođa fuolahus
- Doğum öncesi bakım
- Prenatal Care
- Suivi de la grossesse
- Svangerskapsomsorg
- Jordmorteneste og svangerskapsomsorg
- Special Education Assistance for Children
- Spesialpedagogisk hjelp til barn
- Health Clinic
- Helsestasjon
- Sağlık ocağı
- Dearvvašvuođastašuvdna
- العيادة الصحية
- Centre médical
- Центр женской консультации
- Utekontakten
- Helsestasjon for ungdom og studentar
Sist oppdatert
