Skulefritidsordning (SFO)

SFO er eit frivillig aktivitets- og omsorgstilbod før og etter skuletid for elevar på 1.–4. trinn og for elevar med særskilte behov på 5.–7. trinn.

Du kan søkja om tilbod for barnet ditt i SFO på den skulen barnet er elev.

I tillegg kan du søkja om SFO på skulefrie dagar og sommar-SFO. Dette tilbodet er samlokalisert på ein av skulane i kommunen. Tilbodet er samlokalisert på ein skule, sjå i SFO ruta kva skule det er noverande år.

Kommunen har ordinært SFO-tilbod før og etter skuletid for 1.-4. trinn og for barn med særlege behov på 1.-7. trinn. Opningstida er kl. 6:45-16:15 (måndag-fredag). Tilbodet fylgjer skuleåret. 

SFO-ordningane er stengde helge- og høgtidsdagar, samt jul- og nyttårsaftan. Onsdag før skjærtorsdag er SFO open til kl. 12:00.

SFO er stengde på planleggingsdagar

I tillegg til ordinært SFO-tilbod gir kommunen tilbod om SFO på undervisningsfrie dagar. Oversyn over SFO på undervisningsfrie dagar finn ein under SFO på skulefeiredagar. Sommar-SFO er eit tilbod i juni og i august, sjå under sommar SFO for datoar.

Søknadsfrist og opptaksperiode

Kommunen har eit hovudopptak for alle SFO-tilbod med søknadsfrist 1. mars, og deretter opptak ved ledig kapasitet.

Elevar som har ordinært SFO tilbod, beheld tilbodet til og med 4. trinn, eller til tilbodet vert sagt opp. Ein treng ikkje søkja kvart år.

Tilbod om SFO på skulefriedagar og sommar-SFO vert gitt for eitt år om gongen. Ein må derfor søkja på nytt kvart år.

Slik søkjer du

Du søkjer om SFO-tilbod og endring i SFO-tilbod via Visma Flyt Skole. Lenkje til innlogging finn du her: Innlogging for stord: Foresattportal Lenke til et annet nettsted.

Om du ikkje kan søkja elektronisk, ta kontakt med skulen der elev er skriven inn.

Fristen for å søka om tilbod om SFO på skulefrie dagar skuleåret 2026/2027 gjekk ut 1. mars. 

Skuleåret 2026/2027

Månad

Dato

Kva skjer i skule

Tal dagar

Kor

Oktober

5. til 9.10.

Haustferie

5

Rommetveit skule

Desember

21, 22, 23, 28, 29 og 30.12

Juleferie

6

Rommetveit skule

Februar

15.2 til 19.2.

Vinterferie

5

Rommetveit skule

Mars

22 og 23.3

Påskeferie

2

Rommetveit skule

Mars

24.3 (halv dag)

Påskeferie

0,5

Rommetveit skule

Mai

7.5

Elevfri dag

1

Rommetveit skule

Fristen for å søka om tilbod om sommar SFO gjekk ut 1. mars. 

Månad

Dato

Kva skjer i skule

Tal dagar

Kor

Juni

22. til 30.6.

Sommarferie

7

Rommetveit skule

August

3. til 7.8.

Sommarferie

5

Rommetveit skule

Juni 2027

21. til 30.6

Sommarferie

8

Rommetveit skule

  1. Elevar på 1. og 2. trinn
  2. Elevar med særskilte behov
  3. Elevar på 3. og 4. trinn

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Rektor har mynde til å fatta vedtak om opptak i ordinær SFO ved sin skule og til SFO på undervisningsfrie dagar og sommar-SFO. Den kommunale klagenemnda er klageinstans.

Føresette kan seia opp eller endra SFO-tilbodet med minst to månaders varsel rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Døme: Seier du opp SFO-tilbodet 15. desember, vil du ha tilbod og betalingsplikt ut februar. Frå og med mars har du ikkje tilbod og betalingsplikt.

Det må betalast for opphald i oppseiingstida, også for unytta tilbod. Dette gjeld òg tilbodet om sommar-SFO, og/eller SFO på skulefrie dagar.

Gå til Visma Flyt Skole for å seia opp tilbod. Lenkje til innlogging finn du her: Innlogging for stord: Foresattportal Lenke til et annet nettsted.

Får du avslag på søknaden, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Rektor eller SFO-leiar ved den skulen eleven er innskriven.

Send sikker digital post

Priser

Type tilbodKroner
Gratis kjernetid0
Gratis kjernetid utvida med morgon-SFO1 290***
Gratis kjernetid utvida med ettermiddags-SFO590***
Gratis kjernetid utvida med morgon- og ettermiddags-SFO1 880***
Full plass skulefrie dagar 3 592***
Full plass sumarope juni 20261 915***
Full plass sumarope august 20261 275***

*I satsane er det gjort fråtrekk for 12 timar gratis SFO.
**Gratis kjernetid er 12 timar per veke etter skuleslutt, sjå din skule for tidene til gratis kjernetid.
*** i samband med revidering av forskrift om vedtekter for kommunal skulefritidsordning (SFO) blir det nye plasstypar frå hausten 2026 innført

Barn på 1. til 4. trinn har rett til inntektsgradert foreldrebetaling. Det vil seia at ingen familiar skal betala meir enn 6% av brutto årsinntekt per born. 

Søknad om redusert foreldre betaling via Innlogging for stord: Foresattportal Lenke til et annet nettsted.

Barn på 1. til 4. trinn har rett til inntektsgradert foreldrebetaling. Det vil seia at ingen familiar skal betala meir enn 6% av brutto årsinntekt per born. 

Frå hausten 2026 gjeld desse prisane


Etter skuleslutt

Kr 3017

Før og etter skuleslutt

Kr 3651

Før skulestart

Kr 1978

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?