20. januar 2025, 09.37

Teaterfestivalen

Teaterfestivalen på Stord er for skodespelarar i alderen 7-21 år. I løpet av ei helg får ein stå på ei stor scene, bli med på kjekke aktivitetar og møta andre på same alder som elskar teater. Her handlar alt om speleglede, finna nye vener og skapa noko magisk saman.

Teaterfestivalen 2027 vil bli arrangert 9. - 11. april i Stord kulturhus. Klikk her for påmelding. Lenke til et annet nettsted.

Teaterfestivalen er ein viktig samlingsstad for barn og unge innan scenekunst i Vestland og Rogaland. Rundt 170-200 unge deltakarar viser teaterframsyningar for kvarandre og deltek på workshop og sosiale aktivitetar i løpet av ei tettpakka festivalhelg. Vestland fylke er økonomisk støttespelar for denne festivalen som blir arrangert av Stord teaterlag og Stord kommune.

Med lokal forankring og gode samarbeidspartar har Stord teaterlag og Stord kommune sidan 1985 klart å byggja opp ein møteplass for teaterfolk der spelegleda alltid er i fokus! Ikkje minst er dette ein stad der alle som ynskjer det kan få stå på scena og vera ein del av det unike fellesskapet ein teaterproduksjon er.

Skjema for påmelding til festivalen Lenke til et annet nettsted.

Er du leiar for meir enn ei teatergruppe/ teaterstykke? På grunn av avgrensingar i skjemaløysinga må du senda inn eitt skjema for kvar gruppe eller framsyning som skal delta på festivalen.

Festivaltidspunkt 2027: 9. - 11. april.

Frist for påmelding: 10. februar 2027.

Teateringress2.jpg

Alle opne teatergrupper med utøvande deltakarar i alderen 7 til 21 år kan delta.

  • Stykket må vera premiereklart når det kjem til festivalen (eller de kan visa utdrag).
  • Scenografien skal vera festivalvenleg (raske sceneskift).
  • Speletid 20 - 90 minutt 
  • Kort riggetid 10 - 15 minutt (maks 15 minutt opprigg, 10 minutt nedrigg) - de får riggehjelp på scena om de har behov for det.


Teateringress3

  • Ei helg (2-3 dagar) fullstappa av teaterstykker og ulike sosiale aktivitetar. 
  • Disco, spontan talentkonkurranse og teaterverkstadar/ workshops
  • Stor og god teaterscene
  • Erfarne, dyktige og kjekke teater- og dugnadsfolk
  • Hyggjelege og flinke teknikarar
  • Måltid heile helga og overnatting på sentral skule med vakthald
  • Og sjølvsagt, minner for livet!


x1024_2.jpg

Ei festivalhelg ser vanlegvis slik ut:

Fredag
Registrering/ innsjekk frå kl. 18. 
Kveldsmat rundt kl. 19:30
Aktivitetar frå kl. 18:30 - 22

Laurdag
Frukost frå kl. 09.  
Framsyningar og workshop frå kl. 9 til 20.
Lunsj ca. kl. 13-14. 
Middag ca. kl. 18-19.
Sosiale aktivitetar frå 20 til ca. 22:30.

Søndag
Frukost frå kl. 09. 
Utsjekk skule innan kl. 10
Lunsj (bagett) ca kl. 13
Framsyningar frå kl. 10 til ca. kl 15
Festivalslutt ca. 15-15:30
 

Alternativ 1

  • Festivalpass med overnatting på skule 1090,-
    Inkluderer 2 overnattingar, alle måltid, framsyningar, aktivitetar og workshop heile helga.

Alternativ 2

  • Festivalpass for deltakar som ordnar eigen overnatting 790,-
    Inkluderer alle måltid, framsyningar, aktivitetar og workshop heile helga.

Alternativ 3

  • Festivalpass for deltakar som ikkje treng overnatting/ måltider 440,-
    Inkluderer alle framsyningar, aktivitetar og workshop heile helga.

FRIKVOTE: Vaksne gruppeleiarar og frivillige har gratis deltaking
(3 fri inntil 20 unge deltakarar, deretter 1 ekstra fri per 10 ekstra deltakarar. Pris for vaksne utover frikvote er 895,- per person.)

xmon_1024_2.jpg

Teatergrupper som har vore med dei siste åra:

-Askøy teaterlag
-Bergen musikkteater
-Bergen musikalfag ungdom
-Bukkene Bruse, Haugesund barne- og ungdomsteater
-Filiokus, Haugesund barne- og ungdomsteater
-Foreininga Spinae Sunnhordland
-Gjøglerne, Haugesund barne- og ungdomsteater
-Global teater,gruppe Bergen kulturskole
-Haugatun teatergruppe, Bergen kulturskole
-Nordlys, Haugesund barne- og ungdomsteater
-Nordnes ungdomsgruppe
-Ny Krohnborg, Bergen kulturskole
-Soria Moria
-Stord teaterlag
-Åsatun teatergruppe, Bergen kulturskole

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?