Støttekontakt
Støttekontakttenesta i Stord er ei teneste under Eining for kultur. Tenesta har kontor i andre høgda i Stord kulturhus.
Tilbodet til brukarar med vedtak vil bli gitt i form av individuell støtte-/fritidskontakt, deltaking i aktivitetsgruppe og/eller individuelt tilbod i samarbeid med ein frivilleg organisasjon.
Søknad skal sendast Tildelingskontoret, der behovet blir vurdert og vedtak blir gjort.
Tilrettelagt fritid vil så, i samarbeid med brukar/pårørande, finna fram til den organiseringa som vil høva best for den enkelte.
Tilrettelagt fritid vil òg ha ansvar for rettleiing og oppfølging av støtte-/fritidskontaktane. Dette kan vera i form av individuell rettleiing, kurs, samarbeid med andre tenester rundt brukarane og liknande.
Dei som har behov for følgje i samband med fritidsaktivitet kan søkja om følgjekort.
Priser
Heimebaserte tenester
Stord kommune sine betalingssatsar skal til ei kvar tid vera i samsvar med:
- Forskrift til lov om kommunale helse- og omsorgstenester
- Rundskriv – presisering av regelverk for eigenbetaling for helse- og omsorgstenester
- Gjeldand rundskriv om fribeløp og eigendelar for kommunale pleie- og omsorgstenester
- Forskrift om endring i forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester - Lovdata Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Det er ingen eigenbetaling for følgjande tenester:
- Personretta tenester (heimesjukepleie)
- Avlasting
- Støttekontakt
Praktisk bistand og opplæring
Husstanden si nettoinntekt | Abonnement | Timepris |
|---|---|---|
| Inntil 2G | 245 | 0 |
| 2G - 3G | 2 353 | 588 |
| 3G - 4G | 3 529 | 588 |
| 4G - 5G | 4 705 | 588 |
| Over 5G | 5 882 | 588 |
Eigenbetaling per mnd/time
Sjå oversikt over grunnbeløpet (G) i folketrygden på Skatteetaten Lenke til et annet nettsted.
Minstepensjonistar betalar i samsvar med forskriftene, f.t. kr. 245 per mnd., uansett timetal.
Ein legg opp til auke i timeprisen med 4 % i 2026 til kr 588. Abonnementsprisen er bygd opp på 4 x timepris for 2G-3G, 6 x timepris for 3G-4G, 8 x timepris for 4G -5G, og 10 x timepris for inntekt over 5G. Tidsforbruket vert runda opp til næraste halve time. Ingen tenester skal kosta over 588 kr pr time.
Relatert informasjon
Skjema
- Fullmakt enkeltsøknadar (PDF)
- Helse- og omsorgstenester - søknad (PDF)
- Ledsagerbevis / følgjekort - sakkunnig vurdering (PDF)
- Ledsagerbevis / følgjekort - søknad (PDF)
- Helse- og omsorgstjenester - søknad
- Intervjuskjema for støttekontaktar
- Ledsagerbevis - søknad
- Personalskjema for støttekontaktar
- Rapportskjema for støttekontaktar
- Støttekontakt - søknad om å bli
- Timeliste for oppdragstakarar i Tilrettelagt fritid
Sist oppdatert
