Følgjebevis
Kort fortalt
For at personar med nedsett funksjonsevne lettare kan delta på kulturarrangement eller friluftsarrangement, kan dei få med seg eit følgje. Dette blir kalla følgjeordninga og den blir administrert av kommunen.
Beskrivelse
Har du nedsatt funksjonsevne, kan du søkje om å få skrive ut eit følgjebevis. Følgjebeviset skal gje den personen som følgjer deg, fri eller rabattert tilgang til ein del kultur- og fritidsarrangement og til visse transportmiddel. Beviset blir skrive ut til deg.
Målgruppe
Personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne, for eksempel:
- Rørsleshemming
- Høyrslehemming
- Synshemming
- Demens
- Utviklingshemming
- Allergiar
- Psykiske lidingar, hjartesjukdomar, lungesjukdomar.
Kriterier
Det blir ikkje gjort noka økonomisk behovsprøving i samband med søknaden. Ordninga er ikkje avhengig av om du mottar trygd. Det er inga nedre eller øvre aldersgrense for å søkje. Det er opp til den einskilde arrangøren om dei aksepterer følgjebevis.
Pris for tjenesten
Følgjebeviset er gratis.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Statens råd for funksjonshemma har informasjon om ordninga.Samarbeidspartnere
Offentlege og private arrangørar av arrangement og nokre hotell og transportselskap.
Regelverk
Dette er ikkje ei lovpålagd teneste.Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du søkjer kommunen om å få følgjebevis. Kommunen vil gi deg eit skriftleg vedtak uansett om du får innvilga følgjebevis eller ikkje.
Klagemulighet
Dersom du får avslag på søknad om følgjebevis kan du klage på dette. Kommunen vil gi deg rettleiing om korleis du klagar. Klaga skal sendast til kommunen, som vil vurdere søknaden din på nytt.
Prisar
Heimebaserte tenester
Stord kommune sine betalingssatsar skal til ei kvar tid vera i samsvar med:
- Forskrift til lov om kommunale helse- og omsorgstenester
- Rundskriv – presisering av regelverk for eigenbetaling for helse- og omsorgstenester
- Gjeldand rundskriv om fribeløp og eigendelar for kommunale pleie- og omsorgstenester
- Forskrift om endring i forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester - Lovdata Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Det er ingen eigenbetaling for følgjande tenester:
- Personretta tenester (heimesjukepleie)
- Avlasting
- Støttekontakt
Praktisk bistand og opplæring
Husstanden si nettoinntekt | Abonnement | Timepris |
|---|---|---|
| Inntil 2G | 245 | 0 |
| 2G - 3G | 2 353 | 588 |
| 3G - 4G | 3 529 | 588 |
| 4G - 5G | 4 705 | 588 |
| Over 5G | 5 882 | 588 |
Eigenbetaling per mnd/time
Sjå oversikt over grunnbeløpet (G) i folketrygden på Skatteetaten Lenke til et annet nettsted.
Minstepensjonistar betalar i samsvar med forskriftene, f.t. kr. 245 per mnd., uansett timetal.
Ein legg opp til auke i timeprisen med 4 % i 2026 til kr 588. Abonnementsprisen er bygd opp på 4 x timepris for 2G-3G, 6 x timepris for 3G-4G, 8 x timepris for 4G -5G, og 10 x timepris for inntekt over 5G. Tidsforbruket vert runda opp til næraste halve time. Ingen tenester skal kosta over 588 kr pr time.
Relatert informasjon
Sist oppdatert
