Kulturmidlar
Organisasjonar/ lag kan søkja driftstilskot frå Stord kommune.
Føremål
Stord kommune løyver midlar til driftstilskot til lag og organisasjonar over årsbudsjettet. Føremålet med ordninga er å gje tilskot til frivillige lag, klubbar, foreiningar og organisasjonar si ordinære drift, samt sikra grunnlag for eit mangfald, variasjon og breidde av kulturaktivitetar og tilbod til innbyggarane i kommunen.
Kven kan søkja?
Alle frivillige klubbar, foreiningar, lag og organisasjonar heimehøyrande i Stord kommune.
Foreiningar, klubbar, lag og organisasjonar som har aktivitetar for barn og unge, eldre, integrering, samt personar med funksjonsvariasjonar vert prioritert.
Desse får ikkje tilskot
- Tru- og livssynsorganisasjonar.
- Politiske organisasjonar.
- Foreiningar, klubbar, lag/ organisasjonar som får direkte løyving over årsbudsjettet til Stord kommune.
Krav til søkjar
- Må vera registrert i Einingsregisteret og i Frivilligheitsregisteret.
- Må vera open for alle.
- Må driva ein eller anna form for aktivitet.
- Må ha minimum 10 medlemar/ deltakarar. Det kan dispenserast frå kravet om medlemar der særlege høve tilseier det.
Krav til søknad
- Rett utfylt skjema
- Rekneskap for fjoråret
- Årsmelding for fjoråret
- Godkjente vedtekter
Kommunen har rett til å undersøkja om grunnlaget for tilskot er til stades, og korleis tildelte midlar vert nytta.
Fordeling av midlar skal gjennomførast slik
Godkjente søkjarar får eit grunnbeløp/ minimumsbeløp. Beløpet vil variera alt etter kor mange som søkjer. Når grunnbeløpet er fordelt vil resterande beløp fordelast ut i frå tal medlemar.
I fordelinga vil medlemar i aldersgruppa 6 - 19 år vektast med 1,5.
Ingen enkeltorganisasjon kan motta meir enn 10% av løyvesummen.
Grunnbeløpet/ medlemsstøtta vert fordelt 60/40, beløpet vil variera alt etter kor mange som søkjer og størrelsen på kulturmiddelpotten.
Søknadsskjema
Søknadsskjema er ope i perioden 10. mars fram til søknadsfrist 15. april.
Sist oppdatert
