Stord kommune sitt kulturstipend

Kulturarbeidarar og kunstnarar med tilknyting til Stord kommune kan søkja om stipend.

Føremål

Føremålet med tilskotsordninga er å gje støtte til aktive kunstnarar og
kulturarbeidarar for fagleg vidareutvikling, kunstnarlege prosjekt og liknande.

Det er sett av 15 000 kr til stipendet i 2026-budsjettet. Heile summen kan gjevast til ein person, eller delast. 

Stipendet kan nyttast til:

  • Bestemte prosjekt
  • Studiereiser
  • Vidareutdanning
  • Naudsynt utstyr eller vedlikehald av eksisterande utstyr

Det kan ikkje søkjast stønad til:

  • Skulepengar
  • Prosjekt ein har gjennomført/allereie betalte utgifter
  • Lønn til seg sjølv

Slik blir søknaden handsama:

Søkjarar med bustad og hovudvirke i Stord kommune blir prioriterte. Tidlegare mottakarar av stipendet blir ikkje prioriterte.

Utval for oppvekst og kultur tildeler stipendet. Alle søknadar blir i forkant av utvalsmøtet gjennomgått og kommentert av eit fagutval sett ned av eining for kultur. Samansetjinga at fagutvalet vil variera frå år til år.

Krav til søknaden

Søknaden skal innehalda:

  • CV.
  • Plan for kva stipendet skal brukast til.
  • Dersom du får stipend skal du i etterkant senda ein kort rapport om korleis stipendet er nytta.

2025 - Ingrid Nesse Belt

2024 - Jonas Tislevoll

2023 - Astrid Jordåaen

2022 - Magnhild Halland

2021 - Severin Vik

2020 - Ian Krister Kolstad

2019 - Harald Mathias Tveit Eskeland og Karoline Fredrich

2018 - Brita Grov, John Halldor Myklevold, Robert Sylta

2017 - Tiril Eirunn Einarsdotter og Jan Anders Presthus

2016 - Brita Grov og Per Tore Barmen

2015 - Tom Stien og Solveig Aksnes

2014 - Hanne Marthe Alvsvåg Kommedal

2013 - Johanne Engevik Olsen

2012 - Ikkje tildelt

2011 - «Øyo» v/ Alf Aronsen

2010 - Vidar Hope og Olaug Spissøy Kyvik

2009 - Anni Valentina Presthus

2008 - Inga Søreide og Ingjerd M. Hjelmeland

2007 - Koret Festivo

2006 - Ingebjørg Bruket

2005 - Severin Eskeland

2004 - Håkon Steinar Vatle

2003 - Aleksander Stokke Vallestad

2002 - Jakob Klippen og Ragnhild Kambo Grov

2001 - Øyvind Hjelmen og Åsmund Espeland

2000 - Ole Jacob Helland og Marit Tislevoll Odland

1999 - Magnus Martens

1998 - Per Flatøy og Alise Jonassen

1997 - Turid Vikene

1996 - Ole Jacob Hystad og Magne T. Gravdal

1995 - Maria Malmsten Steinkopf

1994 - Hans Willoch Bræin

1993 - Jan Magne Olsen

1992 - Anne Leseth og Eirik Robert Stangenes

1991 - Monica Herstad og Eivind Gullberg Jensen

1990 - Åge Østrem og Asle Wirum Olsen

1989 - Atle Hansen og Turid Vikene

1988 - Madli Martens og Odd Resser

1987 - Magne Kjellesvik og Sissel Tolaas

1986 - Reidun Hagenes

1985 - Geir Atle Stangenes

1984 - Torleiv Agdestein

1983 - Aud Lavik og Annik Malterud

1982 - Toralf Lunestad

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?