Akutt helsehjelp døgnopphald

Kort fortalt

Døgnopphald for akutthjelp er eit alternativ til sjukehus for pasientar som treng akutt, men kortvarig behandling.

Beskrivelse

For pasientar med ein avklart diagnose som treng straks medisinsk behandling og observasjon gjennom heile døgnet, finst eit kommunalt tilbod som er eit alternativ til sjukehusinnlegging. Døme på situasjonar der akutthjelp døgnopphald blir brukt er

  • smertebehandling etter fall
  • infeksjonar (urinvegsinfeksjon, lungebetennelse)
  • væskebehandling
  • aukande pustevanskar
  • aukande forvirringstilstand
  • kvalme og oppkast
  • mage- og tarmproblem
  • moderate psykiske helseproblem
  • moderate rusmiddelproblem.
  • Innlegginga må gjerast av fastlegen, legevakta eller ein sjukehuslege.

Målgruppe

Pasientar frå 18 år og eldre med forventa korttidsbehandling av akutte tilstandar.

Kriterier

Kommunen vel sjølv kva pasientgrupper dei tek imot, avhengig av kva slags behandling dei har høve til å gi.

Pris for tjenesten

Tenesta er gratis.

Regelverk

Denne tenesta er lovpålagd. Sjå spesielt helse- og omsorgstenestelova § 3-5.

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

akutthjelp døgnopphald er ei innlegging som blir gjord av anten fastlege eller legevakta. Det er altså ikkje noko du kan møta opp på eller søkja om. Etter innlegging vil du straks få behandling, observasjon og oppfølging. Ein lege vil vera til stades dagleg, og det vil vera legar i 24-timars beredskap. Bemanninga elles består av sjukepleiarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar.

Klagemulighet

Viss du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misfornøgd med utføringa av tenesta, kan du senda ei klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misfornøgd med og kva endringar du ønskjer. Du kan også klaga til statsforvaltaren i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta, utilstrekkeleg eller galen informasjon eller brot på teieplikta. Skulla det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient senda ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882


2024 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 03.07.2024

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?