Borgarleg vigsel

Kort fortalt

Skal du gifte deg borgarleg? Då kan du kontakte oss for å bestille tid og lokale. Gå også inn på skatteetaten.no. for å sende inn dei nødvendige skjema.

eit par som set ringar på fingeren

Foto: Pixabay

Beskrivelse

Kommunen har ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar i Noreg.

Vigseltilbodet i Stord kommune

Det er mogeleg å bli vigde på kvardagar i tidsromet 08.00–15.00 og laurdagar i tidsromet 12.00–15.00, under føresetnad at det er tilgjengeleg vigslar.

Ordføraren, varaordføraren og kommunedirektøren er dei personane som har mynde til å via par i Stord kommune.

Vigselen kan gå føre seg i kommunestyresalen i rådhuset eller annan sjølvvald stad. Dersom vigselen skal gå føre seg på annan stad enn i rådhuset, kjem eventuelle reiseutgifter for vigslar i tillegg til ev. anna gebyr.

Kva må de gjera?

  1. Brureparet må søka om prøvingsattest frå skatteetaten Lenke til et annet nettsted.. Dette er det legale dokumentet som vert signert under vigselen. De finn god rettleiing og informasjon på Skatteetaten si side: Vegen til ekteskapet - steg for steg - Skatteetaten Lenke til et annet nettsted.
  2. De må bestilla time for kommunal vigsel hjå Stord kommune: kommunal vigsel - registrering Lenke til et annet nettsted.. De får skriftleg svar.
  3. De må ettersenda prøvingsattesten til Stord kommune dersom de har fått stadfesta vigselavtale før prøvingsattesten var klar: kommunal vigsel - ettersending av prøvingsattest Lenke til et annet nettsted.. De får skriftleg svar.

Gifta dykk i utlandet?

Ønskjer de å gifta dykk i utlandet Lenke til et annet nettsted. finn de informasjon om dette på Skatteetaten.no Lenke til et annet nettsted..

Kriterier

Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg. Sjå kapittel 1 i ekteskapslova Lenke til et annet nettsted..

Pris for tjenesten

Busette i Stord kommune:

  • vigsel i kommunestyresalen eller sjølvvalt lokale på kvardagar mellom kl. 08.00–15.00 kr 0*
  • vigsel i kommunestyresalen eller sjølvvalt lokale laurdagar mellom kl. 12.00–15.00 kr 2500
    *Dersom vigselen skal gå føre seg på annan stad enn i rådhuset, kjem eventuelle reiseutgifter for vigslaren i tillegg

Busette i utlandet og som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg jf. ekteskapslova § 12a:

  • vigsel i kommunestyresalen eller sjølvvalt lokale på vkvardagar mellom kl. 08.00–15.00 kr 0*
  • vigsel i kommunestyresalen eller sjølvvalt lokale laurdagar mellom kl. 12.00–15.00 kr 2500*
    *Dersom vigselen skal gå føre seg på annan stad enn i rådhuset, kjem eventuelle reiseutgifter for vigslaren i tillegg

Busette i andre kommunar:

  • vigsel i kommunestyresalen eller sjølvvalt lokale på virkedagar mellom kl. 08.00–15.00 kr 1500*
  • vigsel i kommunestyresalen eller sjølvvalt lokale laurdagar mellom kl. 12.00–15.00 kr 4000*
    *Dersom vigselen skal gå føre seg på annan stad enn i rådhuset, kjem eventuelle reiseutgifter for vigslaren i tillegg.

Regelverk

Sjå spesielt ekteskapslova kapittel 1 og §§ 11, 12, 12a, 13, 14.

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

De kan registrera dykk for vigsel i Stord kommune med ein gong de byrjar å planlegga giftarmål. Me reserverer dato og tidspunkt for dykk dersom ein vigslar er tilgjengeleg og ev. kommunestyresalen er ledig. Det er lurt å registrera alternative datoar/tidspunkt.

Prøvingsattesten ettersender de til oss når de får den frå Skatteetaten. Attesten kan ikkje vera eldre enn 4 månader på vigselsdagen.

Skatteetaten sjekkar om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, såkalla prøving av ekteskapsvilkåra. De kan søka Skatteetaten om prøvingsattest digitalt. Behandlingstida er likevel inntil fem veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.

Skjema og rettleiing finst på skatteetaten.no Lenke til et annet nettsted..

Hugs:

  • Original prøvingsattest skal leverast til kommunen.
  • Brureparet må ha med gyldig legitimasjon å visa fram vigselsdagen.
  • De må ha to vitne over 18 år, og dei må vera til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane, men må ikkje vera det.

I sjølve seremonien vert «Det borgarlege vigslingsformularet» nytta, som er ein tekst vigslaren les opp. Seremonien kan bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette. Slike innslag må vera avklara i god tid på førehand.

Kommunen sender ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein rettkjend kopi av vigselboka som fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får stadfesting på registrert vigsel frå Folkeregisteret/Skatteetaten.


Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 16.10.2020

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?