Familievernkontor
Kort fortalt
Er det vanskar eller kriser i familien din, kan du få behandling og rådgiving frå eit familievernkontor.
Beskrivelse
Familievernkontoret gjev deg eller dykk tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar eller kriser i familien. Du kan ta direkte kontakt med eit familievernkontor, og alle dei tilsette har teieplikt. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utfører obligatorisk mekling
- ved samlivsbrot for ektepar eller sambuarar med barn under 16 år
- når foreldre som ikkje bur saman, ønskjer rettssak om foreldreansvar, bustaden til barnet/borna eller samvær
Målgruppe
Du er del av eit par eller ein familie.
Pris for tjenesten
Tilbodet er gratis.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Samarbeidspartnere
Familievernkontoret samarbeider med helsestasjonane i sitt distrikt, særleg om fødselsførebuande kurs og kurs for nybakte foreldre. Der det er aktuelt og når familien sjølv gjev samtykke til det, samarbeider familievernkontoret med det kommunale barnevernet for å finne gode tiltak for heile familien. Familievernkontoret samarbeider òg med skolar, sosialkontor, frivillige organisasjonar, kyrkjelydar og liknande.
Regelverk
Dette er ei lovpålagt oppgave. Sjå spesielt familievernkontorloven. Sjå også barnelova § 51 Kven skal møte til mekling og ekteskapslova § 26 Mekling mv.Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du kan selv ringe direkte til familievernkontoret eller du kan be om å bli kontaktet. Det er fritt valg av familievernkontor, som tyder at du sjølv kan velje om du vil gjeste familievernkontoret som ligg nærmast heimstaden din eller om du føretrekkjer å dra ein annan stad. Nokre familievernkontor kan for eksempel ha spesielle tilbod som passar betre for deg.
2023 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 27.04.2023
Sist oppdatert
