Feiing og tilsyn med fyringsanlegg
Kort fortalt
Brann- og feiarvesenet skal sørgje for feiing og tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Det er ditt ansvar som bygningseiar å sikre tilkomst til og på taket.
Beskrivelse
Brann- og feiarvesenet skal sørgje for feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Dersom du har installert eit nytt eldstad eller gjort vesentlege endringar må du melde frå til kommunen.
Målgruppe
Eigarar av bygningar med pipe
Kriterier
Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgje for sikker tilkomst til og på taket. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørgje for at det er ein stige tilgjengeleg.
Pris for tjenesten
Kommunen kan ta eit gebyr for gjennomføring av feiing og for tilsyn.
Regelverk
Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta. Sjå òg brann- og eksplosjonsvernlova § 11 Brannvesenets oppgaver, § 28 om gebyr og forskrift om brannforebygging § 6 og § 17.Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Eigarar av heilårsbustader med pipe/eldstad som er registrerte i eigedomsregisteret i kommunen, vil automatisk bli kontakta. Du får til vanleg levert varsel om feiing eller tilsyn i postkassa di dagen før. Dersom tidspunktet ikkje høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på annan måte gjeve klar melding om at det kan feiast), vil det ikkje bli feid. Dersom du ikkje har gjort ny avtale medan feiaren er i området, må du rekne med å vente til neste runde. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogleg!
Saksbehandling
Feiaren skal vurdere forhold ved fyringsanlegget som har noko å seie for branntryggleiken eller tilkomsten. Er det avvik som ikkje kan rettast på staden, skal feiaren gje deg ei skriftleg tilbakemelding med frist for å rette eller frist for å gje tilbakemelding om når retting blir gjort. Tilsynsmyndigheita kan gje dei nødvendige pålegg dersom dette ikkje skjer.
Klagemulighet
Er du ikkje nøgd med dei tenestene feiarvesenet gjer, så ta kontakt med kommunen. Klageinstans for vedtak som er gjort av brannsjefen, er klagenemnda i kommunen.
2024 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 19.12.2024
Prisar
Industri/forretningsbygg
Feieavgift: Kr 1 031
Anna arbeid/feiing etter medgått tid: Kr 803 per time.
Fritidsbustad
Feieavgift og tilsyn per fritidsbustad, per år: kr 592,50
Bustad
Feieavgift og tilsyn per hus per år (maks 2 piper): Kr 592,50
Sist oppdatert
