Film og video - konsesjon for framvising

Kort fortalt

Det er ikkje lov å vise film som næring utan løyve frå kommunen.

Beskrivelse

Framvising av film eller video som næring kan ikkje skje utan konsesjon frå kommunen. Det blir gjeve konsesjon for inntil fem år. Det krevst ikkje kommunal konsesjon for å vise film eller video

  • der det ikkje blir kravd betaling for framvisinga
  • i hotellrom
Kommunen og Medietilsynet har rett til å gjennomføre kontroll med at den konsesjonspliktige verksemda blir drive i samsvar med gjeldande regelverk.

Kriterier

Film/video som skal visast fram, må vere registrert i Medietilsynet sitt filmregister på førehand. Film/video som skal visast fram til personar under 18 år, må vere godkjend av Medietilsynet på førehand. Ein skal føre særskilt rekneskap for avgiftspliktig framvising.

Pris for tjenesten

Ein må betale ei avgift til Norsk kino- og filmfond på 2,5 % av bruttoomsetninga.

Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Regelverk

Lover

Praktiske opplysninger

Saksbehandling

Kommunen skal innhenta dei opplysningane som er nødvendige for å avgjera saka. Du vil få informasjon undervegs, og også rettleiing til å skaffa rette opplysningar, viss du treng det. Deretter fattast det eit vedtak.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.


2024 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 19.12.2024

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?