Førebuande opplæring for vaksne
Kort fortalt
Alle vaksne som av ein eller annan grunn manglar grunnskuleopplæring, har rett til å få gratis førebuande opplæring.
Beskrivelse
Du har ein rett til å få fullført grunnskuleopplæringa. Det kan vere at du manglar eitt eller fleire fag eller berre deler av eit fag. Eller det kan vere at du manglar grunnleggjande kompetanse i lesing, skriving, rekning eller digitale ferdigheiter. Førebuande opplæring skal byggje på den kompetansen du allereie har, og vil ta omsyn til kva du sjølv meiner du treng. Dette blir gjort gjennom ei realkompetansevurdering. Vurderinga vil vere eit grunnlag for å avgjere kva opplæring du treng for å kunne delta i arbeidslivet.
Målgruppe
Vaksne over 18 år.
Kriterier
Du må anten vere norsk statsborgar eller ha opphaldsløyve i Noreg for å ha rett til førebuande opplæring for vaksne. Dei som ventar på svar på søknad om opphaldsløyve, har rett til opplæring ut det skuleåret som startar året dei fyller 18.
Pris for tjenesten
Førebuande opplæring for vaksne er gratis.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
- Regelverk for nyankomne elever og voksne (Udir) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Rett til realkompetansevurdering (vilbli.no) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Rett til yrkesfaglig rekvalifisering (udir) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Voksne deltakeres rett til forberedende opplæring i grunnleggende ferdigheter (Udir) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Kan jeg få videregående opplæring? Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Inntak og formidling for voksne (Udir) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Alt om voksenopplæring (Udir) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Rett til videregående opplæring (udir) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Regelverk
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt opplæringslova § 18-2.Sjå opplæringslova kapittel 19 og 20 om korleis opplæringa er organisert.
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du må sjølv søkje om grunnskuleopplæring. Ta kontakt med kommunen du bur i for informasjon om korleis du søkjer.
Saksbehandling
Før kommunen gjer eit vedtak, vil du bli varsla om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttale deg. Kommunen skal innhente alle nødvendige opplysningar for å avgjere saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalde grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det er grunn til å tru at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Viss du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held oppe kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til statsforvaltaren som avgjer om klaga skal takast til følgje.
2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 28.01.2025
Sist oppdatert
