Klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon
Kort fortalt
Du kan søkje om erstatning for produksjonssvikt som skuldast klimatiske tilhøve som du ikkje kan sikre deg mot.
Beskrivelse
Du kan søkje om erstatning for produksjonssvikt som er forårsaka av klimatiske forhold.
Ved klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon kan det gjevast erstatning ved
- avlingssvikt
- svikt i honningproduksjonen.
- tørke
- store nedbørsmengder
- flaum
- frost
- dårleg blomstring for honningproduksjon.
Målgruppe
Landbruksføretak som
- er registrerte i Einingsregisteret
- driv vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar.
Kriterier
Ordninga gjeld dersom:
- Skadane er grunna klimatiske forhold (vêret) som det ikkje er mogeleg å teikne privat forsikring mot.
- Føretaket driv sin fagleg forsvarleg, og hindrar og avgrensar skadane.
- Produksjonen må vere mindre enn 70 % av gjennomsnittsproduksjonen per biekube.
- Du gir umiddelbar melding til kommunen om skaden.
- På skadetidspunktet må du ha oppfylt vilkåra for å få produksjontilskot.
Regelverk
Lover
- Forskrift om tilskudd ved produksjonssvikt i plante- og honningproduksjon Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Forskrift om satser for og beregning av tilskudd ved produksjonssvikt i plante- og honningproduksjon (sats- og beregningsforskriften) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Før du søkjer må du melde frå til kommunen om det som har skjett. Meld frå så fort du kan, men seinast innan 15. september. Deretter søkjer du om erstatning. Du søkjer om erstatning ved å fylle ut eit skjema frå Landbruksdirektoratet som du sender til kommunen. Fristen for søknad om erstatning er 31. oktober den året svikta oppstod.
Saksbehandling
Kommunen skal uttale seg om søknaden før saka blir sendt til statsforvaltaren, som avgjer saka.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom statsforvaltaren lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Landbruksdirektoratet, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
2024 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.03.2024
Relatert informasjon
Sist oppdatert
