Skuleskyss
Kort fortalt
Nokre elevar bur så langt frå skulen at dei har rett til å få gratis skuleskyss til og frå skulen og skulefritidsordninga.
Beskrivelse
Elevar på 1. trinn skal få gratis skyss til skulen dersom dei bur meir enn to kilometer frå skulen. Elevar på 2.-10. trinn får gratis skyss dersom dei bur meir enn fire kilometer frå skulen. Skyss kan også vere båttransport. Retten til skuleskyss gjeld også når eleven har fleire heim, men kvar heim må oppfylle vilkåra for retten til skyss. Andre grunnar som kan gi rett til gratis skuleskyss kan vere at
- skulevegen er farleg eller spesielt vanskeleg
- eleven har nedsett funksjonsevne på grunn av skade eller sjukdom.
Målgruppe
- Elevar med nedsett funksjonsevne eller mellombels skade/sjukdom
- Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg
- Elevar på 1. trinn og har meir enn 2 kilometer til skulen
- Elevar på 2.–10. trinn og har meir enn 4 kilometer til skulen.
Kriterier
For å måle kor lang skulevegen er skal det målast frå inngangsdøra heime til inngangsdøra på skulen, etter kortaste veg.
Pris for tjenesten
Skuleskyss er gratis så lenge eleven går på den nærskulen som er tildelt.
Regelverk
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesieltOpplæringslova § 4-1, § 4-2 og § 4-3.
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du kan søkje skulen eller kommunen om gratis skuleskyss.
Vedlegg
Viss du søkjer om skuleskyss på grunn av funksjonsnedsetjing, mellombels skade eller sjukdom, må du leggje ved legeattest.
Saksbehandling
Før kommunen gjer eit vedtak, vil du bli varsla om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttale deg. Kommunen skal innhente alle nødvendige opplysningar for å avgjere saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalde grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det er grunn til å tru at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Viss du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held oppe kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klaga skal takast til følgje.
2024 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 29.05.2024
Sist oppdatert
