Kommunestyret vedtok språkbruksplan for tilsette 19.12.2022.

Me har som mål å kommunisera presist med innbyggjarane og andre. I tråd med krava i språklova brukar me eit klart språk som er tilpassa målgruppa.

Retningslinjene for språkbruk skal hjelpa oss som skriv på vegner av Stord kommune, til å skriva gode tekstar.

Korleis me vel å uttrykkja oss, seier noko om kven me er. Godt språk er god sørvis.

Me skal nytta nynorsk og eit klart språk i informasjon til innbyggjarane:

  • I ekstern informasjon på nett, publikasjonar, pressemeldingar, kunngjeringar, annonsar og tekst i sosiale medium.
  • I skjema som innbyggjarar, institusjonar, organisasjonar eller verksemder i regionen skal fylla ut.
  • På alle skilt for kommunale bygg og liknande.
  • I all digital programvare tilgjengeleg, så langt det er mogleg.