Ergoterapi for barn og unge
Ergoterapi for barn og unge 0-18 år
Barn og unge som av ulike grunnar har nedsett funksjonsevne, kan få hjelp av ein ergoterapeut for å leggja til rette for ein kvardag med mest mogleg aktivitet og deltaking.
Ergoterapeutar har fokus på førebygging og tidleg innsats for å fremme aktivitet, deltaking og inkludering for barn og unge med ulike utfordringar i kvardagslivet. Barn og unge utviklar seg og lærer gjennom leik og aktivitet i samspel med sine fysiske og sosiale omgjevnader.
Mange blir hindra i å delta i leik og fritidsaktivitetar i barnehage, skule og nærmiljø fordi dei ikkje meistrar dei krav og forventningar som blir stilt til dei. Tidleg innsats er viktig for å sikre ei god utvikling, og det krev tett tverrfagleg samarbeid. Oppfølginga kan vera i barnehagen, på skulen og i heimen for barnet som opplev aktivitetsvanskar.
Følg aktivitet og re/habilitering på sosiale media for informasjon, råd og tips:
Facebook - Aktivitet og re/habilitering Stord kommune Lenke til et annet nettsted.
Instagram - aktivitetogrehabilitering Lenke til et annet nettsted.
Korleis søkje
- Du kan søkje via søknadsskjema lenger nede på sida under “skjema”
- Du kan henvende deg via dei tenester du allereie har
- Dersom du har teneste frå før kan du sende ein beskjed eller melding via helsenorge.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Kvar henvending vil verta vurdert opp i mot om ein fyller kriteria for å vera mottakar av tenesta. Alle henvendingar vert prioritert etter ein prioriteringsnøkkel.
Tilsette
Kontakt sommar 2026:
Veke 30:
- Sara Brosvik, tlf. 950 58 925
- Anveig Telle, tlf. 909 38 577
Veke 31:
- Celina Solend, tlf. 481 71 151
- Rolf Kristian Almås, tlf. 900 63 402
Veke 32:
- Celina Solend, tlf. 481 71 151
- Malene Bjelland Nordhus, tlf. 911 92 682
Veke 33:
- Ole Christian Heimly, tlf. 456 59 473
- Malene Bjelland Nordhus, tlf. 911 92 682
NB: Ikkje send personsensitive opplysningar på e‑post. Dette er for di eiga tryggleik. Har du teneste frå før, kan du bruke helsenorge.no Lenke til et annet nettsted. for å sende oss ei melding.
| Bente Bjelland Tlf. 41 18 19 01 E-post: bente.bjelland@stord.kommune.no | Avdelingsleiar |
| Ole Christian Heimly Tlf. 45 65 94 73 E-post: ole.christian.heimly@stord.kommune.no | Ass.avdelingsleiar Ergoterapeut for vaksne |
| Kari Løbø Alfarnes E-post: kari.lobo.alfarnes@stord.kommune.no | Ergoterapeut for born og unge |
| Brita Monsen E-post: Brita.Monsen@stord.kommune.no | Ergoterapeut for born og unge |
Kven kan få hjelp?
- Barn og unge under 18 år som på grunn av nedsett funksjonsevne har vanskar med å leike og utføra kvardagslige aktivitetar, eller står i fare for å få slike vanskar.
- Barn som har lettare motoriske vanskar, forsinka grovmotorisk utvikling, eller forsinka finmotorisk utvikling, til dømes skrivevanskar?
- Barn med meir alvorlige utviklingsforstyrrelsar.
- Barn utsatt for skade eller sjukdom.
- Barn med kroniske lidinga, til dømes nevrologiske, revmatiske og ortopediske sykdommer, psykiske vansker eller hjerte- og lungeproblematikk. ME, ADHD, autisme, CP mfl.
Kva kan ergoterapeutane bistå med?
- Råd og veiledning når det gjelder bustadar og tekniske hjelpemidler
- Funksjonsvurdering
- Tilbyr målretta tiltak og trening i ein avgrensa periode.
- Me hjelper til med tilrettelegging av aktivitet og leik herunder utprøving, formidling, søknad og tilpassing av hjelpemiddel.
Prioriteringsnøkkel
| Prioritet | Eksempel |
|---|---|
Prioritet 1 Maksimal ventetid er 7 dagar. Rask intervensjon vert vurdert å ha særleg stor betyding for brukaren sitt funksjonsnivå, lindring og livskvalitet. |
|
Prioritet 2 Maksimal ventetid er 14 dagar. Tidleg intervensjon vert vurdert å ha stor betyding for å setja brukaren i stand til å gjenvinna, utvikla eller oppretthalda funksjonsnivå og hindra ytterlegare funksjonstap. |
|
Prioritet 3 Maksimal ventetid er 30 dagar. Intervensjon er forventa å ha betyding for brukaren for å forbetra og/eller oppretthalde funksjonsnivå og livskvalitet. |
|
Prioritet 4 Maksimal ventetid, 90 dagar. Intervensjon ansees som hensiktsmessig for brukar, men kan venta. |
|
Besøkstid
Eining for aktivitet og re/habilitering har innført at besøkjande til Stord kommunale rehabiliteringssenter må ha avtale med tenesteytar.
- Har du ein beskjed eller melding som påverkar behandling og besøk, ber me deg nytte helsenorge.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Har du behov for kontakt med våre tenester på telefon, gjer du det via Fellestenester på telefon 53 49 66 00.
- Me ynskjer å gi den beste kvaliteten på tenestene våre. Ved å innføra avtale for besøk får tilsette betre tid til å gje brukarane våre gode tenester ved at ein unngår stadige avbrot i arbeidsdagen. Me handterer personsensitive opplysningar i våre lokale og tiltaket førebyggjer også brot på personver.
Priser
Eigenbetaling for førebyggjande tenester og lågterskeltilbod
| Tilbod | Pris |
|---|---|
| Utlån av kommunale hjelpemiddel | Gratis |
| Transport av hjelpemiddel | Gratis |
| Handtak | kr 236 |
| Gruppetrening einingane driv (gjeld ikkje fysioterapi) | kr 367 per semester |
| Transport til og frå dagtilbodet Sæbø gard | kr 49 per dag |
| Varm lunsj i Arbeid og aktivitet, per måltid | kr 62 |
| Kaffi/te/bursdagskasse i Arbeid og aktivitet, per mnd. | kr 62 |
| Terapibading | kr 120 |
Relatert informasjon
Sist oppdatert
