Ergoterapi for vaksne
Ergoterapitenesta gjev tilbod vaksne og eldre med nedsett funksjonsevne, motoriske og kognitive vanskar. Ergoterapeutar arbeider for at alle skal kunne vera aktive i eigen kvardag og har fokus på å finna meiningsfulle aktivitetar for det einskilde. Ergoterapeutar tilrettelegg for aktivitet og deltaking i eigen kvardag ut i frå den einskilde sine ressursar. Ergoterapeutar har kompetanse til å kartlegge funksjonsutfordringar og bidra med tiltak som kan styrke brukar sin funksjon og deltaking i kvardagen gjennom trening, vegleiing og rådgjeving til brukar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Følg oss på sosiale media for informasjon, råd og tips:
Facebook - Aktivitet og re/habilitering Stord kommune Lenke til et annet nettsted.
Instagram - aktivitetogrehabilitering Lenke til et annet nettsted.
Korleis søkje
- Du kan søkje via søknadsskjema lenger nede på sida under “skjema”.
- Dersom du har teneste frå før kan du sende ei melding via Helsenorge
Kvar henvending vil verta vurdert opp i mot om ein fyller kriteria for å vera mottakar av tenesta. Alle henvendingar vert prioritert etter ein prioriteringsnøkkel.
Teieplikt: Dei tilsette har teieplikt om personopplysningar.
Tilsette
NB: Ikkje send personsensitive opplysningar på e‑post. Dette er for di eiga tryggleik. Har du teneste frå før, kan du bruke helsenorge.no Lenke til et annet nettsted. for å sende oss ei melding.
| Bente Bjelland Tlf. 41 18 19 01 E-post: bente.bjelland@stord.kommune.no | Avdelingsleiar |
|---|---|
| Ole Christian Heimly Tlf. 45 65 94 73 E-post: ole.christian.heimly@stord.kommune.no | Ass.avdelingsleiar Ergoterapeut for vaksne Dagrehabilitering |
| Sara Brosvik E-post: sara.brosvik@stord.kommune.no | Spesialergoterapeut for vaksne Heimerehabilitering Synskontakt |
| Brita Monsen E-post: Brita.Monsen@stord.kommune.no | Ergoterapeut for born og vaksne |
| Celina Solend E-post: Celina.Solend@stord.kommune.no | Ergoterapeut for vaksne Høyrselskontakt Hukommelsessteam |
| Kari Løbø Alfarnes E-post: kari.lobo.alfarnes@stord.kommune.no | Ergoterapeut for born og vaksne |
| Madeleine Pedersen E-post: madeleine.pedersen@stord.kommune.no | Ergoterapeut for vaksne |
Tilrettelegg din bustad - Kva er ditt ansvar?
Her er døme på løysingar, tiltak og teknologi som kan bidra til at ein kan bu lenger heime i eigen bustad. Det er ei blanding av tiltak du kan gjera sjølv og løysingar du kan kjøpe. I tillegg er det døme på kva løysingar NAV hjelpemiddelsentral kan bidra med.
Les meir her: Hjelpemiddel i heimen - Stord kommune Lenke til et annet nettsted.
Hjelpemiddel i heimen
Her er døme på løysingar, tiltak og teknologi som kan bidra til at ein kan bu lenger heime i eigen bustad. Det er ei blanding av tiltak du kan gjera sjølv og løysingar du kan kjøpe. I tillegg er det døme på kva løysingar NAV hjelpemiddelsentral kan bidra med.
Les meir her: Hjelpemiddel i heimen - Stord kommune Lenke til et annet nettsted.
Praktisk planlegging for å kunna bu heime
Sjå tips og råd for korleis du kan planlegga for å skapa ein best mogleg alderdom med høg livskvalitet. Du får råd om alt frå busituasjon og økonomi til fysisk helse, hjernetrim og sosial aktivitet.
Les meir her: Praktisk planlegging for å kunna bu heime Lenke til et annet nettsted.
Kva er ditt ansvar?
Har du tenkt på kva du skal gjere dersom du ikkje kjem deg opp trappa eller inn på badet heime? Då er det naudsynt å tenkje over kva som er viktig for deg i åra som kjem. For nokre kan det vere å gjere tilpassingar der du bur. For andre kan ein heilt ny heim vera den beste løysninga.
Det er du sjølv som har ansvar for å ha ein bustad som du og din familie kan bu- og fungere godt i uansett kva som skjer i livet.
Du skal: Kunne bu og leve i huset med kjøkken, bad, stove og soverom om du har brekt beinet, får ein halvsidig lammelse eller får besøk av bestemor i rullestol.
Ergoterapitenesta kan gi råd og rettleiing slik at du kan bu heime i ein tilrettelagt bustad. I nokre tilfelle kan ergoterapitenesta hjelpe deg med søknad om hjelpemiddel til NAV hjelpemiddelsentral slik at din bustad blir meir tilrettelagt.
10 ting du bør tenkje på for å ha ein heim du kan bu i:
- Eit uteområde i plan med inngangspartiet
- Enkel og trinnfri adkomst frå parkeringsplass og inn i bustaden
- Alle nødvendige bruksrom på inngangsplan
- Golv utan tersklar mellom rom
- Romsleg bad
- Praktiske romløysningar slik at det er enkelt å orientera seg
- Flater inne som er lette å halde reine
- Nok røykvarslarar slik at du og dei andre i familien høyrer lyden også når dei søv
- God belysning
- Stikkontaktar i benkehøgde
Hjelpemiddel du kan kjøpe sjølv
Viste du at du kan gå til innkjøp av enklare hjelpemiddel sjølv?
Stord kommune har liten kapasitet i forhold til etterspurnad om ergoterapitenesta. Grunna lang ventetid anbefalar me deg å sjå på mogleiken for å gå til innkjøp av til dømes desse hjelpemidla sjølv.
- Rullator
- Dusjkrakk
- Armlene til toalett
- Krykker
- Småhjelpemiddel til kjøkken
- Samtaleforsterkar / lydforsterkar
- God kvilestol
Hjelpemidla kan du blant anna kjøpe på ditt lokale apotek, bestille på nettsida til apoteket eller i nettbutikar for hjelpemiddel. Samtaleforsterkar/lydforsterkar kan du kjøpe på din lokale elektronikk butikk. I din lokal møbelbutikk kan du kjøpe ein god kvilestol.
Råd for val av god kvilestol
Ein funksjonell kvilestol er ein stol som er god å reisa seg frå. Her er nokre sjekkpunkt som det er lurt å passa på:
- Gode armlene: Armlena på stolen må vera faste og gode å støtta seg til, slik at personen får godt tak til å støtta seg under oppreising.
- Høg stol: 90-graders vinkel i kne og hofte. Gjer det enklare å reisa seg opp.
- Høg rygg: Skal personen kvila i stolen er det bra med høg rygg. Det kan vera greitt om den har regulering, enten med hendel eller trinnlaus regulering bakover.
- Fotskammel: Enten laus eller integrert i stolen.
- Sikker oppreisning: Stolen må ha fast base. Du må kunne låsa stolen om den har svigfunksjon.
Døme på gode stolar som er enkle å reisa seg opp frå:

Døme på stolar som er vanskelege å reisa seg opp frå:

Kostnad
Tenesten er gratis.
Prioriteringsnøkkel
| Prioritet | Eksempel |
|---|---|
Prioritet 1 Maksimal ventetid er 7 dagar. Rask intervensjon vert vurdert å ha særleg stor betyding for at brukaren kan oppretthalde primærfunksjonar og lindring. |
|
Prioritet 2 Maksimal ventetid er 14 dagar. Tidleg intervensjon vert vurdert å ha stor betyding for at brukaren kan gjenvinne, oppretthalde eller utvikla/betra funksjons- og meistringsevne. |
|
Prioritet 3 Maksimal ventetid er 30 dagar. Intervensjon er forventa å ha betyding for at brukaren kan oppretthalde eller utvikle/betre funksjons- og meistringsevne. |
|
Prioritet 4 Maksimal ventetid er 90 dagar. Intervensjon er forventa å ha betyding for brukaren sin funksjons- og meistringsevne. Det anses som fagleg forsvarleg at intervensjonen vert planlagt fram i tid. |
|
Gruppetilbod
Handtreningsgruppe
- Oppstart av gruppetilbod ved behov
- Handtreningsgruppe er dømesvis for deg som har fått ein skade og har behov for opptrening, for deg som har revmatiske sjukdommar og har behov for jamleg vedlikehald av handfunksjon eller for deg som har behov for opptrening/vedlikehald av handfunksjon som følge av andre årsaker.
Gruppetilboda til kommunal fysioterapi finn du her Lenke til et annet nettsted.
Besøkstid
Avdeling for aktivitet og re/habilitering har innført at besøkjande til Stord kommunale rehabiliteringssenter må ha avtale med tenesteytar.
Har du ein beskjed eller melding som påverkar behandling og besøk, ber me deg nytte Helsenorge Lenke til et annet nettsted.
Er du ny brukar Send elektronisk søknad til kommunen om: Du kan søkje via søknadsskjema lenger nede på sida under “skjema”.
Har du behov for kontakt med våre tenester på telefon, gjer du det via Fellestenester på telefon 53 49 66 00.
Me ynskjer å gi den beste kvaliteten på tenestene våre. Ved å innføra avtale for besøk får tilsette betre tid til å gje brukarane våre gode tenester ved at ein unngår stadige avbrot i arbeidsdagen. Me handterer personsensitive opplysningar i våre lokale og tiltaket førebyggjer også brot på personver.
Priser
Eigenbetaling for førebyggjande tenester og lågterskeltilbod
| Tilbod | Pris |
|---|---|
| Utlån av kommunale hjelpemiddel | Gratis |
| Transport av hjelpemiddel | Gratis |
| Handtak | kr 236 |
| Gruppetrening einingane driv (gjeld ikkje fysioterapi) | kr 367 per semester |
| Transport til og frå dagtilbodet Sæbø gard | kr 49 per dag |
| Varm lunsj i Arbeid og aktivitet, per måltid | kr 62 |
| Kaffi/te/bursdagskasse i Arbeid og aktivitet, per mnd. | kr 62 |
| Terapibading | kr 120 |
Relatert informasjon
Sist oppdatert
