Hjelpemiddel i heimen
Her er døme på løysingar, tiltak og teknologi som kan bidra til at ein kan bu lenger heime i eigen bustad. Det er ei blanding av tiltak du kan gjera sjølv og løysingar du kan kjøpe. I tillegg er det døme på kva løysingar NAV hjelpemiddelsentral kan bidra med.
Hjelpemiddel i bustaden
Bruk av teknologi og tilrettelegging av bustad kan bidra til meistring og sjølvstende i eigen heim.
Det handlar blant anna om å fjerne fysiske hindringar i bygg, bustadar og omgjevnader slik at dette ikkje avgrensar moglegheitene til å leve eit sosialt liv og delta i samfunnet. Nettbrett og liknande løysingar med bruk av videosamtalar kan ha ein positiv effekt og bidra til sosial deltaking og tryggleik. Spesielt når ein er einsam, har dårleg helse eller utfordringar med å møte andre.
Klikk på lista nedanfor for å få meir informasjon:
Velferdsteknologi
Velferdsteknologi er teknologiske løysingar som kan bidra til auka tryggleik, sjølvstende og aktivitet.
Her finn du informasjon om dei ulike velferdsteknologiske løysingane kommunen tilbyr som ein del av tenesta: Velferdsteknologi Lenke til et annet nettsted.
Kommunikasjon med pårørande
Nettbrett
Med eit nettbrett kan du treffa venner og familie, både dei som bur i nærleiken og dei som bur på ein heilt annan kant av landet eller annan kant av verda. Det er mange appar som gir denne moglegheita, det kan t.d. vera Facetime, Skype, Teams, Messenger og liknande.
Løysingar for videosamtale og biletdeling
Med slike løysingar har det vorte enklare for alle generasjonar i storfamilien å kommunisera med kvarandre. Eksempelvis bruk av ein skjerm for videosamtalar og biletdeling frå venner og familie.
Dette er verkemiddel som du kan kjøpa sjølv på nettet.
Samtaleforsterker
Dette er eit høyrselshjelpemiddel som er anvendeleg i mange situasjonar, til dømes under ein samtale, når du ser på TV, ved konferansar og på offentlege område med teleslyngje.
Ta kontakt med høyrselskontakt i Stord kommune for meir informasjon om dette.
Syns- og høyrselskontakt - Stord kommune Lenke til et annet nettsted.
Samtaleforsterkar/lydforsterkar kan du også få kjøpe på ditt lokale elektronikkvarehus.
Elektronisk kalender og tidshjelpemiddel
Merke du at avtalar og datoar byrjar å gleppa? Då finst det det ulike kalendrar som kan vera til stor hjelp. Desse kalendrane kan visa rett dag og dato automatisk og nokon kan visa aktivitetar og avtaler.
Ein magnetisk whiteboard-tavle kan visa tida og planlagde aktivitetar i løpet av døgnet. Aktivitetar kan skrivast med tekst på tavla eller med bilete/symbol. Påminningar med lyd er mogleg.
Timestokken viser tida konkret ved hjelp av lys-prikkar. Gir støtte når det er vanskeleg å forstå tidsomgrepet, og når det er vanskeleg å anslå kor lang tid ein aktivitet tek eller har problem med å avslutta eller byte aktivitet.
For dei som bruker smarttelefon så finst det mange ulike appar ein kan lasta ned, elles så kan ein bruka kalenderfunksjon på telefon med påminning.
Brikker til å finne nøklar og andre gjenstandar
Det er fort gjort å gløyma kvar ein har lagt nøklar og briller. Det finst løysingar som du kan kjøpa i elektronikkvarehus.
Det finst brikker som kan festast til gjenstandar og brukast til å finna baggar, lommebøker og liknande. Nokon finst også med alarm funksjon.
Tidsbrytar og komfyrvakt
"Har eg hugsa å slå av kaffitraktaren? Nappa eg ut strykejernet? Og slo eg av krølltonga?" Kven har vel ikkje lagt seg for kvelden, eller drege på reise, med desse lagnadstunge spørsmåla surrande kvilelaust i bakhovudet? Ikkje berre skaper dette uromomentet trøbbel i topplokket, det kan også potensielt vera brannfarleg.
Tidsbrytar
Ein tidsbrytar kuttar straumen og nettopp her kan ein stikkontakt med tidsbrytar vera redninga. Den kuttar straumen etter ei gitt tid, slik at du trygt kan dra heimanfrå utan ei ekstra bekymring. Tidsbrytarar blir fått kjøpt i butikkar med elektronisk vareutval.
Komfyrvakt
Komfyren er ei vanleg kjelde til til bustadbrann, men ein komfyrvakt kan hindre dette. Den kuttar straumen til komfyren dersom du gløymer å følgje med på kokeplatene.
Hjelpemiddel i det daglige
Etter kvart kan ein få utfordringar med å utføra daglege gjeremål og aktivitetar. Då kan det finnast løysingar som kan vera til hjelp.
Klikk på lista nedanfor for å få meir informasjon:
Hjelpemiddel til matlaging og måltid
Det er mange ulike hjelpemiddel som kan bidra til auka sjølvstende og meistring ved matlaging og til måltid.
Ergonomiske kjøkkenreiskapar
Til matlaging finst mellom anna kasserollar som har ergonomiske handtak som er vinkla for å gjera matlaginga enklare og tryggare.
Til måltid finst også ergonomisk utforma kjøkkenreiskapar for redusert belastning på hand, handledd og arm.
Sklisikker tallerken eller tallerkenkant for dei som berre klarer å eta med ei hand.
Elektroniske kalendrar og tidshjelpemiddel
Elektroniske kalendrar og tidshjelpemiddel
Merkar du at avtalar og datoar byrjar å gleppa? Då finst det det ulike kalendrar som kan vera til stor hjelp. Desse kalendrane kan visa rett dag og dato automatisk og nokon kan visa aktivitetar og avtaler.
En magnetisk whiteboard-tavle kan visa tida og planlagde aktivitetar i løpet av døgnet. Aktivitetar kan skrivast med tekst på tavla eller med bilete/symbol. Påminningar med lyd er mogleg.
Timestokken viser tida konkret ved hjelp av lys-prikkar. Gir støtte når det er vanskeleg å forstå tidsomgrepet, og når det er vanskeleg å anslå kor lang tid ein aktivitet tek eller har problem med å avslutta eller byte aktivitet.
For dei som bruker smarttelefon så finst det mange ulike appar ein kan lasta ned, elles så kan ein bruka kalenderfunksjon på telefon med påminning.
Elektroniske medisindispenserar
Medisindispenser vert etter kartlegging og behov gitt til brukara som kan administrere medisin sjølv, men som gjerne treng påminning om å ta medisin.
Medisindispenseren er ein automatisk medisindosett som varslar med lys eller lyd når medisinen skal takast. Dersom brukar ikkje tar medisinen sin kan pårørande eller helsepersonell verta varsla på SMS.
Les meir her: Velferdsteknologi Lenke til et annet nettsted.
Tryggleiksalarm og GPS
Velferdsteknologi er teknologiske løysingar som kan bidra til auka tryggleik, sjølvstende og aktivitet.
Her finn du informasjon om dei ulike velferdsteknologiske løysingane kommunen tilbyr som ein del av tenesta: Velferdsteknologi Lenke til et annet nettsted.
Støttestang (Gripo)
Gripo er ein støttereiskap for deg som treng hjelp til å flytta deg.
Støttestonga kan brukast på fleire måtar og kompletterast med nyttig tilbehøyr. Den er enkel å montera og festast ved at ho blir sett i press mellom golv og tak.
Dusjstol
Dersom du merkar at du kjenner deg ustødig eller utrygg i dusjen, kan ein dusjstol vera eit godt alternativ. Ein dusjstol har stødige bein og antiskli-mønster på setet noko som gir tryggleik og stabilitet.
Stømpepåtrekker
Strømpepåtrekkjarar gjer det lettare å få på seg strømper utan at du treng å bøya deg langt ned. Det finst modellar som eignar seg spesielt godt for kompresjonsstrømpar.
Mange har store utfordringar med å bøya seg langt ned mot golvet. Dette gjer at det kan bli utfordrande å få på seg strømpene sjølv.
Strømpepåtrekkjarar kan du kjøpa sjølv.
Spyl- og tørktoalett
Med spyl- og tørktoalett skal du sleppa å tørka deg med toalettpapir, i staden blir du spylt rein etter at du har vore på toalettet.
Spylinga går føre seg ved at det er ein eigen stråle som kjem fram når du startar spylefunksjonen. Då blir det spylt både framme og bak.
I tillegg har toaletta ein innebygd fønar for å tørka baken. Eit slikt toalett er hygienisk, sparer miljøet for papir og kan letta toalettbesøk ved funksjonssvikt.
Dette er løysingar ein kan kjøpa privat i røyrleggjarforretningar.
Dersom det handlar om funksjonssvikt kan ein ta kontakt kommunen for meir informasjon.
Enkle sensorar og fjernkontrollar
Eit enkelt og billig tiltak for å unngå fall på natt er å ta i bruk belysning som tenner og sløkkjer automatisk ved rørsle. Ein bevegelssensor kan plasserast under seng eller på sengefot, slik at lys slår seg på i det beina bevegar seg ned på golvet. Lyset blir automatisk sløkt etter innstilt tid.
Ein fjernkontroll som styrer belysning gjer at ein slepp å bøya og strekkja seg for å nå lysbrytaren når ein skal slå på og av lyset. Ein kan kjøpa ein stikkontakt som blir ei forlenging av eksisterande stikkontakt. Denne gjer at ein kan styra lysa via ein enkel fjernkontroll.
Det er mange butikkar som sel slike løysingar.
Brikker til å finna nøklar og andre gjenstandar
Det er fort gjort å gløyma kvar ein har lagt nøklar og briller. Det finst løysingar som du kan kjøpast i elektronikkvarehus.
Det finst brikker som kan festast til gjenstandar og brukast til å finna baggar, lommebøker og liknande. Nokon finst også med alarm funksjon.
Enkle fjenkontrollar for TV
Det er fort gjort å trykke seg vekk på tv'en, men det finnes gode og enkle hjelpemidler.
Enkle fjernkontroller med få knapper som er begrenset til blant annet:
- på/av
- kanalvalg opp/ned
- volum opp/ned
Slike fjernkontroller er utformet for personer som vil ha, eller trenger, en enkel fjernkontroll. Fjernkontrollen programmeres ved bruk av TV-apparatets opprinnelige fjernkontroll.
Enkle fjernkontrollar kan du kjøpa sjølv hos elektronikkvarehus.
Robotstøvsuger
Få hjelp til reingjering medan du sit i godstolen eller medan du er ute.
Robotstøvsugaren bevegar seg rundt på golvet og støvsugar. Nokre modellar har også moppefunksjon som tillegg.
Den må vera kopla til straum og må tømmast av og til.
Når den er ferdig, går den tilbake til ladestasjonen.
Har du låge møblar, høge tersklar, leidningar eller tjukke teppe slit robotane med å komma til. Då må du rydda og ordna før du slepper til støvsugaren.
Robotstøvsugar kan du kjøpa sjølv hos elektronikkvarehus.
Robotgrasklipper
En robotklipper vil føre til at du slipper å bruke tiden på å klippe plenen selv.
Normalt er det svært lite vedlikehold som kreves og det finnes robotklippere som passer til alle typer gressplener. Med en robotklipper kan plenen til enhver tid klippes på lik høyde, og det kan bidra til en friskere og penere gressplen.
Robotgrasklipparar kan du kjøpa sjølv mellom anna hos dei fleste byggjevarehus.
Oppfølging av eiga helse
Digihelse - digital innbyggjardialog
Har du teneste frå før, kan du bruke helsenorge.no Lenke til et annet nettsted. for å sende oss ei melding. Får meir informasjon her: Tar i bruk DigiHelse Lenke til et annet nettsted.
Kommunikasjon med pårørande ved hjelp av teknologi
Det er fleire løysingar som kan brukast for å kommunisera digitalt:
Nettbrett
Med eit nettbrett kan du treffa venner og familie, både dei som bur i nærleiken og dei som bur på ein heilt annan kant av landet eller annan kant av verda. Det er mange appar som gir denne moglegheita, det kan t.d. vera Facetime, Skype, Teams, Messenger og liknande.
Løysingar for videosamtale og biletdeling
Med slike løysingar har det vorte enklare for alle generasjonar i storfamilien å kommunisera med kvarandre. Eksempelvis bruk av ein skjerm for videosamtalar og biletdeling frå venner og familie.
Dette er verkemiddel som du kan kjøpa sjølv på nettet.
Tilpassa bustaden min
Kva som skal til for at ein skal kunna bu lenge i eigen bustad vil vera avhengig av tilstanden og plasseringa på bustaden, i tillegg til den fysiske og psykiske helsa til den enkelte. Fysiske hinder i eigen bustad kan gjera det vanskeleg å bu heime så lenge ein ønskjer. Andre faktorar som tilgang på omsorg frå pårørande, eigne sosiale nettverk og relasjonar, kan også ha noko å sei.
Tilskot og lån
Du kan søkje om startlån eller tilskot frå kommunen og Husbanken for å tilpasse eller oppgradere bustaden din.
Sjå informasjon frå HusbankenLenke til et annet nettsted. Lenke til et annet nettsted.
Klikk på lista nedanfor for å få meir informasjon:
Enkle tiltak å gjera i bustaden
Belysning
Med aukande alder skjer det naturlege endringar i auget og med synet som gjer at dei aller fleste treng meir lys for å sjå det same som før. Ein person på 60 år treng derfor 3-5 gonger så mykje lys for å sjå det same som ein på 20 år.
Belysninga bør vera jamn og god slik at ein slepp å tilpassa seg for store variasjonar. Medviten bruk av kontrastar og skuggar i lyset kan gjera det lettare å orientera deg rundt i rommet. Til dømes ein mørk sofa mot kvit vegg eller kvit vegg mot mørke dørkarmar.
Det er ein fordel med dimmeberre lamper slik at du kan justera belysninga til behovet ditt. Mørke krokar og område kan føra til ulykker og bør unngåast.
Ryddige omgivnader
Det er enklare å orientera seg i omgivnader som er ryddige og ikkje inneheld for mange gjenstandar. Det er også lurt at ting har faste plassar. Ein bør også unngå bruk av golvmatter då dei kan forårsaka fall.
Fargar og kontrastar
Medviten bruk av fargar og kontrastar kan gjera det enklare å skilja gjenstandar frå kvarandre og frå bakgrunnen. Det kan også gjera det lettare å finna fram i leilegheita. Det kan til dømes vera lettare å sjå ein kvit lysbrytar mot ein farga vegg eller mot ei farga ramme rundt lysbrytaren.
Kva moglegheiter har eg som huseigar?
Endring av bustad
Skal ein byggja om eller byggja på bustad så kan det vera lurt å få samla nødvendige rom i same etasje. Ved å gjera dette kan ein oppnå ei varig og god løysing trass endringar i funksjon og helse.
Viktige og nødvendige rom i denne samanhengen vil vera:
Inngangsperti
Tilkomst til - og i bustad
Fysiske hinder til - og i eigen bustad kan gjera det vanskeleg å kunna bu heime lenge så lenge ein ønskjer. Det påverkar mellom anna moglegheita til å vera aktiv og halda oppe eigne sosiale nettverk og relasjonar.
Ved til dømes å fylla på med masse på gardsplassen og kanskje leggja betongheller kan det bli lettare å komma inn og ut av bustaden. Ein kan også vurdera å skifta inngangsdør for å få lågare terskel og betre isolering.
Viss mellomgangsdør er til hinder, så kan ein kanskje fjerne denne eller berre terskelen til denne. Det kan i nokre tilfelle også vera mogleg å søkja om tilskot til dette framfor eventuelle hjelpemiddel frå folketrygda.
Hjelpemiddel gjennom NAV hjelpemiddelsentral kan til dømes vera ramper, løfteplattformer eller trappeheisar, men desse er nødløysingar og ofte omfattande. Desse løysingane kan også ha bygningstekniske konsekvensar. Her kan det vera lurt å rådføra seg med ergoterapeuten til kommunen.
Bad og toalett
Tilpassa bad og toalett
«Eitt godt bad forlengjer livet (i eigen bustad)» [Vista Analyse, 2018/24]
Dei fleste ulykker skjer i heimen, og fall skjer ofte på badet. Du kan få auka tryggleik på badet ved bruk av enkle hjelpemiddel.
Å kunna fungera på eige bad er vesentleg for å kunna fungera i heimen. Badet kan i nokre tilfelle vera ein arbeidsplass for kommunalt tilsette. Då må det vera plass til hjelper ved både dusj, toalett og servant.
Vanlege utfordringar er høg terskel og smal dør inn til badet, liten plass, badekar, dusjkabinett og lågt toalett. Her kan det vera problem med å nytta dusj eller badekar, å komma godt inntil servant og nytta toalettet. Bruk av antisklimatte kan førebyggja fall i og utanom dusj.
Ein har som huseigar eller bebuar eit sjølvstendig ansvar for tilrettelegging av bad. Det kan mellom anna vera å leggja til rette med god belysning og kontrastar. Om mogleg fjerne terskel inn til bad og/eller skifte til brei nok døyr for å komma inn med rullestol/rullator.
Kjøkken
Tilrettelegging av kjøkken
I tilfelle der det er behov for tilrettelegging av kjøkken vil det ofte vera eit mål om å leggja til rette for at personar skal kunna utføra aktivitetane der i sitjande arbeidsstilling.
Då treng ein også å avklara kva aktivitetar personen skal utføra på kjøkkenet før store utbetringar blir sette i gang.
Det må også kartleggjast korleis aktivitetane skal utførast. Ofte kjem ein langt med enkle tiltak.
Soverom
Tilpassing av soverom
Soverommet blir ikkje berre nytta til å sova i, men også til stell og omkledning i enkelte tilfelle.
Ved sjukdomsutvikling kan behova endra seg. Då kan plassbehov for aktuelle hjelpemiddel og medhjelparar vera noko som må vurderast. Det er viktig å ta høgd for dette.
I soverommet kan dette innebera arealkrevjande hjelpemiddel og fasta installasjonar. I tillegg kan soverommet også bli ein arbeidsplass for kommunalt tilsette. Storleiken på rommet er avgjerande for kva som kan utførast her.
Tilskot og lån
Du kan søkje om lån frå kommunen og Husbanken for å tilpasse eller oppgradere bustaden din.
Sjå informasjon frå HusbankenLenke til et annet nettsted. Lenke til et annet nettsted.
Tilkomst til- og i bustad
Fysiske hinder til - og i eigen bustad kan gjera det vanskeleg å kunna bu heime lenge så lenge ein ønskjer. Det påverkar mellom anna moglegheita til å vera aktiv og halda oppe eigne sosiale nettverk og relasjonar.
Ved til dømes å fylla på med masse på gardsplassen og kanskje leggja betongheller kan det bli lettare å komma inn og ut av bustaden. Ein kan også vurdera å skifta inngangsdør for å få lågare terskel og betre isolering.
Viss mellomgangsdør er til hinder, så kan ein kanskje fjerne denne eller berre terskelen til denne. Det kan i nokre tilfelle også vera mogleg å søkja om tilskot til dette framfor eventuelle hjelpemiddel frå folketrygda.
Hjelpemiddel gjennom folketrygda kan til dømes vera ramper, løfteplattformer eller trappeheisar, men desse er nødløysingar og ofte omfattande. Desse løysingane kan også ha bygningstekniske konsekvensar. Her kan det vera lurt å rådføra seg med ergoterapeuten til kommunen.
Bad og toalett
Tilpassa bad og toalett
«Ett godt bad forlenger livet (i egen bolig)» [Vista Analyse, 2018/24]
Dei fleste ulykker skjer i heimen, og fall skjer ofte på badet. Du kan få auka tryggleik på badet ved bruk av enkle hjelpemiddel.
Å kunna fungera på eige bad er vesentleg for å kunna fungera i heimen. Badet kan i nokre tilfelle vera ein arbeidsplass for kommunalt tilsette. Då må det vera plass til hjelper ved både dusj, toalett og servant.
Vanlege utfordringar er høg terskel og smal dør inn til badet, liten plass, badekar, dusjkabinett og lågt toalett. Her kan det vera problem med å nytta dusj eller badekar, å komma godt inntil servant og nytta toalettet. Bruk av antisklimatte kan førebyggja fall i og utanom dusj.
Ein har som huseigar eller bebuar eit sjølvstendig ansvar for tilrettelegging av bad. Det kan mellom anna vera å leggja til rette med god belysning og kontrastar. Om mogleg fjerne terskel inn til bad og/eller skifte til brei nok døyr for å komma inn med rullestol/rullator.
Kjøkken
Tilrettelegging av kjøkken
I tilfelle der det er behov for tilrettelegging av kjøkken vil det ofte vera eit mål om å leggja til rette for at personar skal kunna utføra aktivitetane der i sitjande arbeidsstilling.
Då treng ein også å avklara kva aktivitetar personen skal utføra på kjøkkenet før store utbetringar blir sette i gang.
Det må også kartleggjast korleis aktivitetane skal utførast. Ofte kjem ein langt med enkle tiltak.
Soverom
Tilpassing av soverom
Soverommet blir ikkje berre nytta til å sova i, men også til stell og omkledning i enkelte tilfelle.
Ved sjukdomsutvikling kan behova endra seg. Då kan plassbehov for aktuelle hjelpemiddel og medhjelparar vera noko som må vurderast. Det er viktig å ta høgd for dette.
I soverommet kan dette innebera arealkrevjande hjelpemiddel og fasta installasjonar. I tillegg kan soverommet også bli ein arbeidsplass for kommunalt tilsette. Storleiken på rommet er avgjerande for kva som kan utførast her.
Smarthus
Smarthus kan styra og regulera ulike funksjonar i ein bustad. Dette er løysingar som blir tilbodne frå fleire elektroinstallatørar og som ein kan kjøpa sjølv.
Smarthus kan styra funksjonar for å kunna kontrollera alt frå lys, varma, straumforbruk, persienner, garasjeport, ytterdøra, branntrygging, innbrotssikring, kamera, ventilasjon, lyd og bilete i bustaden. Kanskje berre ved hjelp av nokre enkle brytarar eller over eit nettbrett/smarttelefon, eller eventuelt automatisk.
Det kan også vera moglegheiter for talestyring med hjelp av smarthøgtalar.
Smarthusteknologien kan brukast til å overvaka, varsla og utføra handlingar etter utvalde kriterium.
Råd, retteiing og bistand frå ergoterapitenesta i kommunen
Ergoterapitenesta kan gi råd og rettleiing slik at du kan bu heime i ein tilrettelagt bustad. I nokre tilfelle kan ergoterapitenesta hjelpe deg med søknad om hjelpemiddel til NAV hjelpemiddelsentral slik at din bustad blir meir tilrettelagt.
Ergoterapi for vaksne - Stord kommune Lenke til et annet nettsted.
Prisar
Eigenbetaling for førebyggjande tenester og lågterskeltilbod
| Tilbod | Pris |
|---|---|
| Utlån av kommunale hjelpemiddel | Gratis |
| Transport av hjelpemiddel | Gratis |
| Handtak | kr 236 |
| Gruppetrening einingane driv (gjeld ikkje fysioterapi) | kr 367 per semester |
| Transport til og frå dagtilbodet Sæbø gard | kr 49 per dag |
| Varm lunsj i Arbeid og aktivitet, per måltid | kr 62 |
| Kaffi/te/bursdagskasse i Arbeid og aktivitet, per mnd. | kr 62 |
| Terapibading | kr 120 |
Sist oppdatert
