Syns- og høyrselskontakt
Syns- og høyrselskontaktane er ergoterapeutar som hjelpar innbyggjarar med sansetap. Dei fungerer som eit bindeledd mellom brukar, pårørande, NAV Hjelpemiddelsentral, syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT Vestland), samt andre relevante instansar.
Treng du omfattande kartlegging eller kompliserte hjelpemiddel, krev det spesialkompetanse, då er det SAPT som må hjelpa i dette arbeidet.
Syns- og høyrselskontakt kan hjelpa med
- Kartlegging, rettleiing og rådgiving i syns- og høyrselsrelaterte utfordringar
- Hjelpa med søknad og oppfølging på enkle høyrselshjelpemiddel
- Vera kontaktperson for kollegaer, pårørande og andre tenester som har spørsmål om syns- og høyrselsnedsetjing
- Hjelpa brukar å søkje SAPT eller kome i kontakt med andre instansar som Hørselsforbundet eller Blindeforbundet
- Rettleie i tips om innkjøp av enkle syns- og høyrselshjelpemiddel
Enkle hjelpemiddel høyrselskontakten kan søkje på
- Samtaleapparat
- IR-anlegg
- Flexiblinkanlegg
Korleis søkje syns- og høyrselskontakt
- Du kan søkje via søknadsskjema lenger nede på sida under “skjema”.
- Dersom du har teneste frå før kan du sende ein beskjed eller melding via Helsenorge.no.Lenke til et annet nettsted. Lenke til et annet nettsted.
Kvar henvending vil verta vurdert opp i mot om ein fyller kriteria for å vera mottakar av tenesta. Alle henvendingar vert prioritert etter ein prioriteringsnøkkel.
Teieplikt: Dei tilsette har teieplikt om personopplysningar.
Kven er SAPT Vestland?
Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT Vestland) er ein regional spesialteneste under Bergen kommune som tilbyr tenester til innbyggjarar i kommunar i tidlegare Hordaland fylke, inkludert Stord kommune. Stord kommune har avtale med SAPT Vestland og kan sende tilvising ved behov. SAPT har synspedagogar og audiopedagogar som reiser ut til kommunane og gir tenester til alle aldersgrupper.
SAPT kan hjelpa med
- Konsultasjon og rådgiving ved syns- og høyrselsutfordringar
- Formidling og opplæring i avanserte hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral
- Tilrettelegging i barnehage, skule og arbeidssituasjon
- Rettleiing til miljøet rundt brukar
Kven får hjelp frå SAPT?
- Barn og unge blir prioritert
- Vaksne med alvorleg sansetap kan også få bistand
- Hjelpa krev dokumentasjon frå spesialisthelsetenesta
Korleis søkje SAPT Vestland
Søknadsskjema til SAPT finn du på deira nettside: Bergen kommune - Syns- og audiopedagogisk tjeneste (SAPT Vestland) Lenke til et annet nettsted.
Andre samarbeidspartnarar
Hørselsforbundet Sunnhordland
- Tilpassing og oppfølging ved bruk av høyreapparat og tilhøyrande utstyr
- Organisering av oppfølging rundt bruk og stell av høyreapparat
- Første Torsdag i månaden er dei på Leirvikstova frå 11.00-13.00, adresse: Bandadalsplassen 2, 5417 Stord
- For meir informasjon, sjå deira nettside: Hørselsforbundet i Sunnhordland Lenke til et annet nettsted.
Blindeforbundet
- Informasjon og støtte ved synsutfordringar
- For meir informasjon, sjå deira nettside: Forside - Norges Blindeforbund Lenke til et annet nettsted.
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland (HMS)
- Kurs, opplæring og formidling av hjelpemiddel
- For meir informasjon, sjå deira nettside: Nav hjelpemiddelsentral Vestland-Bergen - nav.no Lenke til et annet nettsted.
Priser
Fysioterapi
Eigenenandel for fysioterapi, vert endra kvart år per 1. juli. Det er same frikort som for lege.
Egenandeler hos fysioterapeut - Helsenorge Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Eigenbetaling for førebyggjande tenester og lågterskeltilbod
| Tilbod | Pris |
|---|---|
| Utlån av kommunale hjelpemiddel i 6 mnd. | kr 483 |
| Serviceoppdrag | kr 414 per time Du må betale for serviceoppdrag. Unntak: Montering/demontering/flytting av sjukehusseng, elektrisk hjartebrett, støttestang, komfortrullestol, preikestol, personløftar og gripostang. |
| Handtak | kr 236 |
| Manglande oppmøte til avtale | kr 350 |
| For gruppetreninga som einingane driv | kr 367 per semester |
| Transport til og frå dagtilbodet Sæbø gard | kr 49 per dag |
| Varm lunsj i Arbeid og aktivitet, per måltid | kr 62 |
| Kaffi/te/bursdagskasse i Arbeid og aktivitet, per mnd. | kr 62 |
| Terapibading | kr 120 |
Sist oppdatert
