Fysioterapi i kommunen
For personar over 16 år
Fysioterapi kan bli gjeve både for å førebyggja og for å behandla sjukdom eller skade. Behandling vert gitt individuelt eller i gruppe.
For å bestille time til fysioterapeut tar du direkte kontakt med ein av fysioterapeutane med driftsavtale (Frikort): Fysioterapeutar med driftsavtale finn du her
Fysioterapeutar tilsett i kommunen gir tilbod til innbyggjarar som IKKJE kan nytte institutt, til dei som bur på institusjon og gir bistand til hjelpemiddelformidling.
Den kommunale fysioterapitenesta består av fysioterapeut tilsett i kommunen eller fysioterapeut med driftsavtale frå kommunen (avtaleterapeut/Frikort).
Fysioterapi for barn og unge finn du informasjon om her
Følg aktivitet og re/habilitering på sosiale media for informasjon, råd og tips:
Facebook - Aktivitet og re/habilitering Stord kommune Lenke til et annet nettsted.
Insagram - aktivitetogrehabilitering Lenke til et annet nettsted.
Korleis søkje
- Du kan søkje via søknadsskjema lenger nede på sida under “skjema”
- Du kan henvende deg via dei tenester du allereie har
- Dersom du har teneste frå før kan du sende ein beskjed eller melding via Helsenorge.no. Lenke til et annet nettsted.
- Kvar henvending vil verta vurdert opp i mot om ein fyller kriteria for å vera mottakar av tenesta. Alle henvendingar vert prioritert etter ein prioriteringsnøkkel.
- Teieplikt: Dei tilsette har teieplikt om personopplysningar.
Tilsette
Ikkje send personsensitive opplysningar på e-post. Dette for din eigen tryggleik.
| Namn | Tittel |
|---|---|
| Bente Bjelland Tlf. 41 18 19 01 E-post: bente.bjelland@stord.kommune.no |
|
| Ole Christian Heimly Tlf. 45 65 94 73 E-post: ole.christian.heimly@stord.kommune.no |
|
| Tonje Hovland (I permisjon til sept 2026) Tlf. 48 18 98 21 E-post: tonje.hovland@stord.kommune.no |
|
| Hilde Nielsen Nordtveit E-post: Hilde.Nordtveit@stord.kommune.no |
|
| Rolf Kristian Almås E-post: rolf.kristian.almås@stord.kommune.no |
|
| Frida H. S. Andreassen E-post: Frida.Helene.Skaug.Andreassen@stord.kommune.no |
|
| Maren Næss Brevik E-post: maren.ness.brevik@stord.kommune.no |
|
| Pia Øyerhavn Valvatne E-post: pia.oyerhavn.valvatne@stord.kommune.no |
|
| Malene Bjelland Nordhus (Permisjon til januar 2026) E-post: malene.bjelland.nordhus@stord.kommune.no |
|
| Anveig Telle E-post: Anveig.telle@stord.kommune.no |
|
Eigenbetaling
Kven betaler eigenandel?
Personar som får oppfølging av fysioterapeut utanfor institusjon, inntil frikortgrensa.
Kven slepp eigenandel?
- Barn under 16 år
- Personar med godkjent yrkesskade
- Soldatar i førstegongsteneste
- Brukarar av heimerehabilitering og dagrehabilitering
- Ved hjelp til NAV-hjelpemiddel
- Korttidsopphald med kartlegging i heimen
- Langtidsplass i sjukeheim
- Personar med frikort for helsetenester
Faktura og betaling
- Faktura kjem frå Stord kommune ein gong per månad
- Ved fleire tenester får du samlefaktura
- Manglande oppmøte utan varsel 24 timar før: gebyr på 350 kr
- Eigenandelen vert justert 1. juli kvart år
Frikortgrense 2025
Frikort får du når du har betalt over kr 3278,-.
Du finn frikort og vedtak på helsenorge.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Gruppetilbod
Aktiv A (Aktiv med artrose)
- Gruppetrening for deg med hofte- og/eller kneleddsartrose
- Du må vera i stand til å gå utan hjelpemiddel og komme deg til trening på eigenhånd.
- Innandørs trening i sal med fokus på styrke og stabilitet
- To gongar i veka med oppstart våren 2026
Aktiv senior (65+)
- Gruppetrening for deg som er heimebuande, men erfarer at formen ikkje er slik den ein gong var.
- Du må vera i stand til å gå utan hjelpemiddel og komme deg til trening på eigenhånd.
- Stryke og utholdenheitstrening
- To gongar i veka med oppstart vår og haust
Parkinsongruppe
- Gruppetreninga inneber oppfølging med logoped i 30 min, og trening med fysioterapeut i 45-60 min.
- Deltakarane blir inndelt i grupper etter funksjonsnivå. Ei gruppe får tilbod i fem veker, deretter får neste gruppe tilbod i fem veker.
Aktiv etter kreft (midlertidig pause, send gjerne henvisningar)
- 1 time trening saman med fysioterapeut og 30 min sosialt i etterkant
- Fokus: Tilpassa fysisk aktivitet og styrketrening, auka livskvalitet og meistringsevne
- Trykk her for meir informasjon
Styrke og balansegruppe
- Tysdagar kl. 10.30-11.30
Bassenggruppe - Styrke og kondisjon
- Fredager kl. 12.00-13.00
- Bassengtrening kan vera eit godt alternativ for deg som har utfordingar med å trena på land.
- Varmtvasstrening kan kan bidra til å redusere/ lindre smerte og stivheilt, samt auka blodsirkulasjon og gi større rørslefridom
Livsmeistringskurs/ Meistring av langvarig smerte
- Kurset er for deg som ynskjer hjelp til å mesitre langvarig smerte
- Kurset består av en teoretisk og praktisk del
- Kurset går over seks veker
- Oppstart ved behov
Terapibading / Varmtvassbasseng
Terapibading er som hovedregel for brukarar som bur i Stord kommune. Unntaket er dei som jobbar i Stord kommune.
Bassenget er 12 m x 15 m stort og har ei djupne frå 0,70 til 1,50 m. Vasstemperaturen er 34C. Bassenget har eigen garderobe for funksjonshemma, med heis frå garderobe til basseng, og rullestolrampe ut i bassenget. I garderobane er det tilgjengeleg rullator og dusjstolar.
Kontakt for terapibading: Hanne Gunnarson-Sæbø, tlf 94 17 55 67 eller e-post: Rehab.basseng@stord.kommune.no
Ved behov oppfølging frå fysioterapeut (eigne takstar - Se eigenbetaling) tek fysioterapeut kontakt for avtale, samt lagar treningsprogram. Vidare må ein bestille time og trene på eigenhand. Det er mogleg å ta kontakt med fysioterapeut undervegs.
Hygienereglar for basseng er oppslått i garderoben.
Kostnad
- Pris for alle over 18 år sjå punkt for prisar
- Det vert sendt faktura i etterkant
- Om du uteblir frå timen utan varsel 24timar før, blir du fakturert 350kr for manglande oppmøte. Ved akutt sjukdom, gi beskjed snarast råd.
Opningstider for terapibading er
- Tysdag kl 09.00 – 14.00
- Torsdag kl 09.00 - 13.00
- Fredag kl 09.00 – 11.30.
Bassenggruppe - Styrke og kondisjon med rettleiing av fysioterapeut
- Fredager kl. 12.00-13.00
- Bassengtrening kan vera eit godt alternativ for deg som har utfordingar med å trena på land.
- Varmtvasstrening kan kan bidra til å redusere/ lindre smerte og stivheilt, samt auka blodsirkulasjon og gi større rørslefridom
Kriteria for bruk av Handicap-garderobe på Stord kommunale rehabiliteringssenter
Alle som brukar HC-garderoben må godta at andre personer brukar HC-garderoben mens dei er i bassenget.
Prioritet 1
Brukar har bruk for takheis, dusjbenk eller stellebenk.
Prioritet 2
Brukar treng hjelp av motsett kjønn. Bruken avgrensast til 10 ganger også må dei vike for nye brukarar. Står det ingen på venteliste så kan brukar få tilgang fleire gongar. Brukar mistar plassen sin dersom dei to gongar ikkje har gitt beskjed om fråvær.
Ved auka press må det vurderast avgrensing for prioritet 1.
Hjelpemiddel du kan kjøpe sjølv
Viste du at du kan gå til innkjøp av enklare hjelpemiddel sjølv?
Stord kommune har liten kapasitet i forhold til etterspurnad om ergoterapitenesta. Grunna lang ventetid anbefalar me deg å sjå på mogleiken for å gå til innkjøp av til dømes desse hjelpemidla sjølv.
- Rullator
- Dusjkrakk
- Armlene til toalett
- Krykker
- Småhjelpemiddel til kjøkken
- Samtaleforsterkar / lydforsterkar
- God kvilestol
Hjelpemidla kan du blant anna kjøpe på ditt lokale apotek, bestille på nettsida til apoteket eller i nettbutikar for hjelpemiddel. Samtaleforsterkar/lydforsterkar kan du kjøpe på din lokale elektronikk butikk. I din lokal møbelbutikk kan du kjøpe ein god kvilestol.
Prioriteringsnøkkel
| Prioritet | Eksempel |
|---|---|
Prioritet 1 Maksimal ventetid er 7 dagar. Rask intervensjon vert vurdert å ha særleg stor betyding for at brukaren kan oppretthalde primærfunksjonar og lindring. |
|
Prioritet 2 Maksimal ventetid er 14 dagar. Tidleg intervensjon vert vurdert å ha stor betyding for at brukaren kan gjenvinne, oppretthalde eller utvikla/betra funksjons- og meistringsevne. |
|
Prioritet 3 Maksimal ventetid er 30 dagar. Intervensjon er forventa å ha betyding for at brukaren kan oppretthalde eller utvikle/betre funksjons- og meistringsevne. |
|
Prioritet 4 Maksimal ventetid er 90 dagar. Intervensjon er forventa å ha betyding for brukaren sin funksjons- og meistringsevne. Det anses som fagleg forsvarleg at intervensjonen vert planlagt fram i tid. |
|
Besøkstid
Eining for aktivitet og re/habilitering har innført at besøkjande til Stord kommunale rehabiliteringssenter må ha avtale med tenesteytar
Har du ein beskjed eller melding som påverkar behandling og besøk, ber me deg nytte helsenorge.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Er du ny brukar Send elektronisk søknad til kommunen om «kommunale helse- og omsorgstenester» Lenke til et annet nettsted.
Har du behov for kontakt med våre tenester på telefon, gjer du det via Fellestenester på telefon 53 49 66 00.
Me ynskjer å gi den beste kvaliteten på tenestene våre. Ved å innføra avtale for besøk får tilsette betre tid til å gje brukarane våre gode tenester ved at ein unngår stadige avbrot i arbeidsdagen. Me handterer personsensitive opplysningar i våre lokale og tiltaket førebyggjer også brot på personver
Priser
Fysioterapi
Eigenenandel for fysioterapi, vert endra kvart år per 1. juli. Det er same frikort som for lege.
Egenandeler hos fysioterapeut - Helsenorge Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Eigenbetaling for førebyggjande tenester og lågterskeltilbod
| Tilbod | Pris |
|---|---|
| Utlån av kommunale hjelpemiddel i 6 mnd. | kr 470 |
| Frisklivstenester | kr 355 per frisklivsresept |
| Serviceoppdrag | kr 398 per time Du må betale for serviceoppdrag. Unntak: Montering/demontering/flytting av sjukehusseng, elektrisk hjartebrett, støttestang, komfortrullestol, preikestol, personløftar og gripostang. |
| Transport av hjelpemiddel (serviceteneste/heimebaserte tenester/innsatsteam) | kr 398 Du må betale for transport av hjelpemiddel frå kommunalt hjelpemiddellager. Unntak: Transport av sjukehusseng, elektrisk hjartebrett, støttestang, komfortrullestol, preikestol, personløftar og gripostang.
Transport av hjelpemiddel frå NAV er gratis |
| Handtak | kr 230 |
| Manglande oppmøte til avtale | kr 350 |
| For gruppetreninga som einingane driv | kr 355 per semester |
| Transport til og frå dagtilbodet Sæbø gard | kr 47 per dag |
| Varm lunsj i Arbeid og aktivitet, per måltid | kr 60 |
| Kaffi/te/bursdagskasse i Arbeid og aktivitet, per mnd. | kr 60 |
| Terapibading | kr 116 |
Sist oppdatert
