Hjelpemiddel

Stord kommune kan låna ut tekniske hjelpemiddel til brukarar som har behov for det i akutte situasjonar, eller for kortare tidsrom.

Ved varig behov for eit hjelpemiddel, kan Stord kommune hjelpa til med å søkja. Hjelpemiddelbehovet må vere stadfesta av helsepersonell i kommunen.

Det kommunale hjelpemiddellageret (biletet) ligg i Stord kommunale rehabiliteringssenter på Leirvik.  

Utlån av tekniske hjelpemiddel for ein akuttsituasjon / kortare tid

Personar som har trong for å låna eit hjelpemiddel i ein akuttsituasjon, eller for eit kortare tidsrom, skal anten kontakta dei heimebaserte tenestene i sitt område, eller Tildelingskontoret  i rådhuset på Leirvik.

Samstundes som ein mottek hjelpemiddelet, får ein eit følgjeskriv som seier kven ein kan kontakta dersom ein treng hjelp vidare.

Dersom ein treng mindre hjelpemidlar, som strømpepåtrekkar, gripetang, krykker og forhøgingsklossar til seng/stol, må det kjøpast på helsebutikk.

Varig behov

Personar som har eit varig lånebehov, kan få hjelpemiddel gjennom folketrygda. Dei heimebaserte tenestene har søknadsskjema og hjelper til med å søkja. Det er Hjelpemiddelsentralen i Hordaland som forvaltar hjelpemiddel som tilhøyrer folketrygda.

Hjelpemidlane blir leverte til felles utleveringsstad, som er i rehabiliteringssenteret på Leirvik. Brukar vil få melding om at hjelpemiddel er kome. Etter avtale kan hjelpemiddel hentast eller leverast til brukar.

Denne tenesta er lovheimla i Lov om folketrygd, §10.

Reparasjon av tekniske hjelpemiddel

Behovet for reparasjon skal meldast til Tildelingskontoret. 

Prisar

TilbodPris
Utlån av kommunale hjelpemiddel i 6 mnd.kr 483
Serviceoppdrag

kr 414 per time 

Du må betale for serviceoppdrag.

Unntak: Montering/demontering/flytting av sjukehusseng, elektrisk hjartebrett, støttestang, komfortrullestol, preikestol, personløftar og gripostang.

Handtakkr 236
Manglande oppmøte til avtalekr 350
For gruppetreninga som einingane drivkr 367 per semester 
Transport til og frå dagtilbodet Sæbø gardkr 49 per dag
Varm lunsj i Arbeid og aktivitet, per måltidkr 62
Kaffi/te/bursdagskasse i Arbeid og aktivitet, per mnd.kr 62
Terapibadingkr 120

Eigenenandel for fysioterapi, vert endra kvart år per 1. juli. Det er same frikort som for lege. 

Egenandeler hos fysioterapeut - Helsenorge Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Kontakt

Treng du hjelpemiddel, kontakt Tildelingskontoret via kommunens sentralbord
Tlf: 53 49 66 00

Fann du det du leita etter?