Dagaktivitetstilbod for personar med demens
Målgruppa er personar med ein mild til moderat demenssjukdom. Me ønskjer å gi denne gruppa aktive og meiningsfulle dagar, då beheld ein ferdighetene lenger. Samstundes kan pårørande få verdifull avlastning.
Tilbodet er lokalisert i Hauglandstova på Stord Sjukeheim, og har opent 5 dagar i veka.
Dei som ynskjer eit slikt tilbod må søke om å få denne tenesta. Skjema (helse- og omsorgstenester) finn du lenger ned på sida. Ut frå behov kan ein få plass 1 eller fleire dagar i veka. Det er ein eigenandel på 180,- pr. dag for tilbodet.
Dagaktivitetstilbodet er delt inn i to grupper, som har kvar sine stover. Det vert servert eit lett måltid når ein kjem på morgonen, og middag før ein reiser heim. Tida mellom måltida vert nytta til ulike aktivitetar tilpassa brukargruppa. Dette kan være turar, trim, dans, spel og samtalar kring ulike tema ( til dømes frå bladet Sunnhordland). Det kan og være aktivitetar knytt til mat eller måltider.
Transport til og frå dagaktivitetstilbodet inngår i eigenandelen.
Hukommelsesteam Lenke til et annet nettsted.
Møteplass for mestring - Nasjonalt senter for aldring og helse Lenke til et annet nettsted.
Relatert informasjon
Sist oppdatert
