Tiltak for heimebuande personar med demens og deira pårørande
Denne sida gir deg ein oversikt over kva tilbod som finnes til heimebuande personar med demens, og kven som forvaltar kva i kommunen og andre sentrale samarbeidspartar.
Tenester
Avlastning Lenke til et annet nettsted. (rullerande opphald) - eit tilbod til enkeltpersonar eller familiar som har tunge omsorgsoppgåver. Avlasting skal hjelpe til at omsorgsytaren får eit liv med god helse og tid til ferie og fritid. Avlasting også kan bli tildelt som tenester/oppfølging i heimen.
Dagaktivitetstilbod for personar med demenssjukdom (avdeling under Stord sjukeheim) - er for personar med ein mild til moderat demenssjukdom. Me ønskjer å gi denne gruppa aktive og meiningsfulle dagar, då beheld ein ferdighetene lenger. Samstundes kan pårørande få verdifull avlastning.
Demensavdeling (personretta tenester og heimehjelp)
Demensteam Lenke til et annet nettsted. - legg tilrette for tidleg utgreiing og diagnostisering av personar med demens, slik at rett tiltak vert sett i verk for brukar og pårørande.
Demensrådgjevar - vil kome i kontakt med pasient og pårørande tidleg i forløpet, samt å gje råd til tenestene i høve målgruppa.
Heimehjelp Lenke til et annet nettsted. - er eit tilbod til deg som framleis vil bu heime, men treng hjelp til reingjering eller handling. Du må søkja kommunen om heimesjukepleie. Bruk skjema søknad om helse- og omsorgstenester.
Heimesjukepleie Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. - er helsehjelp som blir gitt heime hos pasienten. Du må søkja kommunen om heimesjukepleie. Bruk skjema søknad om helse- og omsorgstenester.
Velverdsteknologi Lenke til et annet nettsted. - er teknologiske løysingar som kan bidra til auka tryggleik, sjølvstende og aktivitet. Døme på velferdsteknologi er tryggleiksalarm, fallalarm, dørsensor, sengesensor, GPS, medisindispenser og digitalt tilsyn.
Hjelpeorganisasjonar og nyttig informasjon
Aktivitetsvenn (nasjonalforeningen for folkehelse) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. - du eller din pårørande som har fått demens vil kanskje oppleva at enkelte aktivitetar kan bli vanskelegare å gjere åleine. Ein aktivitetsven gjer det enklare å kome seg ut og oppleve ting du sett pris på.
Framtidsfullmakt Lenke til et annet nettsted. - Ein framtidsfullmakt er ein fullmakt til én eller fleire personar om å representera fullmaktsgjevaren etter at fullmaktsgjevaren på grunn av sinnsliding, herunder demens, eller alvorleg svekka helbred ikkje lenger er i stand til å ivareta sine interesser innan dei områda som er omfatta av fullmakta.
Frivilligsentralen Lenke til et annet nettsted.
- Lindrande omsorg Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. - frivillige som kan tenka seg å bidra i ei tid der livet har tatt ei vending mot sjukdom eller ein siste livsfase.
Nasjonalt senter for aldring og helse Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. - er ein statleg organisasjon som utviklar kunnskap og kompetanse om aldring og eldrehelse i Noreg. Forskningsbasert kunnskap, praktiske verktøy og gode løysingar for eldre, pårørande og helse- og omsorgspersonell.
Rødekors besøksven Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. - er eit tilbod for menneske som av ulike grunnar ynskjer meir kontakt med andre mennesker. Røde Kors Besøksvenner bidrar til å gjera kvardagen lettare for einsame i alle aldrar.
Støttekontakt - er eit tilbod om individuell støtte-/fritidskontakt, deltaking i aktivitetsgruppe og/eller individuelt tilbod i samarbeid med ein frivilleg organisasjon.
Verge - statsforvaltaren Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. - Det kan oppnemnast verje for den som treng hjelp til å ivareta sine eigne interesser, anten økonomisk eller på anna måte.
Priser
Heimebaserte tenester
Stord kommune sine betalingssatsar skal til ei kvar tid vera i samsvar med:
- Forskrift til lov om kommunale helse- og omsorgstenester
- Rundskriv – presisering av regelverk for eigenbetaling for helse- og omsorgstenester
- Gjeldand rundskriv om fribeløp og eigendelar for kommunale pleie- og omsorgstenester
- Forskrift om endring i forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester - Lovdata Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Det er ingen eigenbetaling for følgjande tenester:
- Personretta tenester (heimesjukepleie)
- Avlasting
- Støttekontakt
Praktisk bistand og opplæring
Husstanden si nettoinntekt | Abonnement | Timepris |
|---|---|---|
| Inntil 2G | 240 | 0 |
| 2G - 3G | 2 262 | 565 |
| 3G - 4G | 3 392 | 565 |
| 4G - 5G | 4 523 | 565 |
| Over 5G | 5 654 | 565 |
Sjå oversikt over grunnbeløpet (G) i folketrygden på Skatteetaten Lenke til et annet nettsted.
Minstepensjonistar betalar i samsvar med forskriftene, f.t. kr. 240 per mnd., uansett timetal.
Ein legg opp til auke i timeprisen med 4,5 % i 2025 til kr 565. Abonnementsprisen er bygd opp på 4 x timepris for 2G-3G, 6 x timepris for 3G-4G, 8 x timepris for 4G -5G, og 10 x timepris for inntekt over 5G. Tidsforbruket vert runda opp til næraste halve time. Ingen tenester skal kosta over 565 kr pr time.
Institusjon
Teneste | Pris |
|---|---|
| Korttidsopphald / rehabiliteringsopphald* | 200 per døgn. Etter 60 døgn betaling som for langtidsopphald |
| Langtidsopphald | 75% av grunnpensjon og 85% av andre inntekter |
| Avlastingsopphald | Ingen eigenbetaling for opphald |
*Betalingssatsane for opphald i Stord kommune sine institusjonar er i samsvar med gjeldande Forskrift til lov om sosiale tjenester m.v - Kapittel 8. Vederlag for sosiale tjenester og for opphold i institusjon mv. – sosialtjenesteloven... - Lovdata Lenke til et annet nettsted.
Knutsaåsen omsorgssenter og Bergtun bufellesskap
| Tilbod | Pris |
|---|---|
| Husleige | prisjustert med auken i KPI-indeksen (konsumprisindeksen). Melding vert sendt bebuarane. |
| Personretta tenester (heimesjukepleie) | ingen eigenbetaling |
| Praktisk bistand | (sjå over) |
| Mat per månad | kr 4 836 |
| Vask av tøy per månad | kr 1 167 |
Bebuarane på Knutsaåsen omsorgssenter og Bergtun bufellesskap har inngått avtale med dagleg vask og leige av sengetøy, frotté samt vask av bebuartøy. Dette er gjort ut frå smitterisiko. Satsane vert heva med 4,1 % i 2025 og kompenserer for kostnadane Stord kommune har.
Relatert informasjon
Lover og forskrifter
- Folketrygdlova
- Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator
- Forskrift om hjelpemiddelsentralane
- Forskrift om politivedtekt, Stord kommune, Vestland
- Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgns tenester - kriterier og ventelister, Stord kommune, Hordaland
- Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgns tenester – kriterier og ventelister, Stord kommune, Hordaland
- Forvaltningslova
- Helse- og omsorgstenestelova
- Pasient- og brukerrettighetsloven
Relaterte artikler
- Tildelingskontoret
- Demensrådgjevar
- Fellesfunksjonar
- Brukarretta tenester
- Kontakt heimebaserte tenester
- Innsatsteam
- Avlasting
- Dearvvašvuođa- ja fuolahusbálvalusat báhtareddjiide, dorvoohcciide ja sidjiide geat leat bearrašiin deaivvadan
- Health and Care Services for Refugees, Asylum Seekers, and Family Reunification Beneficiaries
- Helse- og omsorgstenestetilbod til flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte
- Helse- og omsorgstjenestetilbud til flyktninger, asylsøkere og familiegjenforente
- Mülteciler, sığınmacılar ve yeniden birleşen aileler için sağlık ve bakım hizmetleri teklifi
- Offre de services de soins et de santé aux réfugiés, demandeurs d’asile et bénéficiaire du regroupement familial
- Медико-санитарные услуги для беженцев, лиц, ищущих убежища и воссоединенных членов семьи
- الخدمات الصحية والرعوية للاجئين وطالبي اللجوء والقادمين عبر جمع الشمل الأسري
- Day-activity Services for People with Dementia
- Dagaktivitetstilbud til hjemmeboende med demens
- Dagaktivitetstilbod for personar med demens
- Heimehjelp
- المساعدة المنزلية
- Ruoktoveahkki
- Home Assistance
- Aide à domicile
- Социальное обслуживание на дому
- Ev işlerinde yardım
- Hjemmehjelp
- Søk sjukeheimsplass
- Buhcciidruoktu – guhkesáiggeorrun
- Huzurevi - uzun süre konaklama
- Maison de santé - séjour de longue durée
- Nursing Home – Long-Term Stay
- Sjukeheim - langtidsopphald
- Sykehjem - langtidsopphold
- Дом для престарелых и инвалидов — долгосрочное пребывание
- دار المسنين - الإقامة الطويلة الأمد
- Dikšu eallima loahpageahčen
- End-of-life care
- Pleie i livets sluttfase
- Pleie i livets sluttfase
- Soins palliatifs
- Yaşamın son aşamasında bakım
- Уход за умирающим пациентом
- الرعاية في المرحلة النهائية في الحياة
- Heimesjukepleie
- التمريض المنزلي
- Hjemmesykepleie
- Home Nursing Care
- Ruovttubuohccedikšun
- Soins à domicile
- Медсестра-сиделка
- Evde hasta bakımı
- Arbeid og aktivitet
- Buhcciidruoktu – oanehisáiggeorrun
- Huzurevi – kısa süreli konaklama
- Maison de santé - séjour temporaire
- Nursing Home - Short-Term Stay
- Sjukeheim - korttidsopphald
- Sykehjem - korttidsopphold
- دار المسنين - الإقامة القصيرة الأمد
- Knutsaåsen Omsorgssenter
- Buhcciidruoktu – duddenfálaldat
- Huzurevi – Rahatlama konaklaması
- Maison de santé - séjour de repos
- Nursing Home - Respite Stay
- Sjukeheim - avlastingsopphald
- Sykehjem - avlastningsopphold
- Дом для престарелых и инвалидов — временное пребывание
- المستشفى - الإقامة بغرض تخفيف الأعباء
- Husahaugen bustadar
- Studalen bustadar
- Sæbøhaugen B
- Valvatna bustadar
- Åsen bustadar
- Stord sjukeheim
- Bustadsosial handlingsplan
Sist oppdatert
