Kontakt oss i heimebaserte tenester
Dersom du ikkje er brukar av tenester, må du først søkja om ei teneste. Skjema finn du under “skjema” lenger nede på sida.
Spørsmål som gjeld tildeling av teneste, skal rettast til tildelingskontoret via Stord kommune sitt sentralbord på tlf 53 49 66 00.
Har du ein beskjed eller melding til heimetenesten som påverkar behandling og besøk, kan du nytte telefonen i telefontida, eller brukar DigiHelse - innbyggjardialog Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Send dokument som inneheld sensitive personopplysingar via denne lenka Lenke til et annet nettsted.
Du kan senda e-post til oss dersom den ikkje inneheld sensitiv informasjon
Helseteam 1
Vakttelefon 53 40 31 60 mellom klokka 11.00 - 17.00 kvar dag
Besøksadresse: Lønningsåsen 1, 5417 Stord
Avdelingsleiar Violetta Ivanauskienè, tlf. 53 40 31 67
Sjukepleie- og mestringsteam
Vakttelefon 53 49 67 31 mellom klokka 11.00 - 17.00 kvar dag
Besøksadresse: Lønningsåsen 1, 5417 Stord
Avdelingsleiar Anne Grete Vik, tlf. 53 49 67 36
Helseteam 2
Vakttelefon 53 49 68 90 mellom klokka 11.00 - 17.00 kvar dag
Besøksadresse: Lønningsåsen 1, 5417 Stord
Avdelingsleiar tlf. 53 49 66 22
Demensteam
Vakttelefon 53 49 69 43 mellom klokka 11.00 - 17.00 kvar dag
Besøksadresse: Lønningsåsen 1, 5417 Stord
Avdelingsleiar Renate Matre, tlf. 53 40 31 68 kontortid 08.00-1530
Telefontid har ikkje noko betydning for bruk av tryggleiksalarm. Tryggleiksalarmen vil kome fram til heimetenesta som før. Ved behov for akutt hjelp vert legevakttelefon 116117 nytta, elles medisinsk nødtelefon 113
Priser
Heimebaserte tenester
Stord kommune sine betalingssatsar skal til ei kvar tid vera i samsvar med:
- Forskrift til lov om kommunale helse- og omsorgstenester
- Rundskriv – presisering av regelverk for eigenbetaling for helse- og omsorgstenester
- Gjeldand rundskriv om fribeløp og eigendelar for kommunale pleie- og omsorgstenester
- Forskrift om endring i forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester - Lovdata Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Det er ingen eigenbetaling for følgjande tenester:
- Personretta tenester (heimesjukepleie)
- Avlasting
- Støttekontakt
Praktisk bistand og opplæring
Husstanden si nettoinntekt | Abonnement | Timepris |
|---|---|---|
| Inntil 2G | 240 | 0 |
| 2G - 3G | 2 262 | 565 |
| 3G - 4G | 3 392 | 565 |
| 4G - 5G | 4 523 | 565 |
| Over 5G | 5 654 | 565 |
Sjå oversikt over grunnbeløpet (G) i folketrygden på Skatteetaten Lenke til et annet nettsted.
Minstepensjonistar betalar i samsvar med forskriftene, f.t. kr. 240 per mnd., uansett timetal.
Ein legg opp til auke i timeprisen med 4,5 % i 2025 til kr 565. Abonnementsprisen er bygd opp på 4 x timepris for 2G-3G, 6 x timepris for 3G-4G, 8 x timepris for 4G -5G, og 10 x timepris for inntekt over 5G. Tidsforbruket vert runda opp til næraste halve time. Ingen tenester skal kosta over 565 kr pr time.
Tryggleiksalarm, nøkkelboks og velferdsteknologi
Alle betaler eigenandel for tryggleiksalarm.
Velferdsteknologi omfattar ulike sensorar eller hjelpemiddel som kan tryggje brukar og pårørande, samt effektivisere tenestene.
| Type tilbod | Pris |
|---|---|
| Tryggleiksalarm | Kr 303 per mnd. |
| Etableringsgebyr tryggleiksalarm | Kr 608 |
| Etableringsgebyr nøkkelboks | Kr 888 |
Relatert informasjon
Relaterte artikler
- Brukarretta tenester
- Fellesfunksjonar
- Innsatsteam
- Tiltak for heimebuande personar med demens og deira pårørande
- Tildelingskontoret
- Tryggingsalarm
- Heimehjelp
- المساعدة المنزلية
- Ruoktoveahkki
- Home Assistance
- Aide à domicile
- Социальное обслуживание на дому
- Ev işlerinde yardım
- Hjemmehjelp
- Dikšu eallima loahpageahčen
- End-of-life care
- Pleie i livets sluttfase
- Pleie i livets sluttfase
- Soins palliatifs
- Yaşamın son aşamasında bakım
- Уход за умирающим пациентом
- الرعاية في المرحلة النهائية في الحياة
- Heimesjukepleie
- التمريض المنزلي
- Hjemmesykepleie
- Home Nursing Care
- Ruovttubuohccedikšun
- Soins à domicile
- Медсестра-сиделка
- Evde hasta bakımı
- Velferdsteknologi
- Demensrådgjevar
- Husahaugen bustadar
- Sæbøhaugen B
- Valvatna bustadar
- Åsen bustadar
- Studalen bustadar
- Dearvvašvuođa- ja fuolahusbálvalusat báhtareddjiide, dorvoohcciide ja sidjiide geat leat bearrašiin deaivvadan
- Health and Care Services for Refugees, Asylum Seekers, and Family Reunification Beneficiaries
- Helse- og omsorgstenestetilbod til flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte
- Helse- og omsorgstjenestetilbud til flyktninger, asylsøkere og familiegjenforente
- Mülteciler, sığınmacılar ve yeniden birleşen aileler için sağlık ve bakım hizmetleri teklifi
- Offre de services de soins et de santé aux réfugiés, demandeurs d’asile et bénéficiaire du regroupement familial
- Медико-санитарные услуги для беженцев, лиц, ищущих убежища и воссоединенных членов семьи
- الخدمات الصحية والرعوية للاجئين وطالبي اللجوء والقادمين عبر جمع الشمل الأسري
- Avlasting
Sist oppdatert
