Innbyggjardialog / digihelse
Innbyggjardialog / DigiHelse er digitale tenester innafor kommunal helse og omsorg.
DigiHelse betyr at innbyggjarar som mottek helse- og omsorgstenester og pårørande (med fullmakt) kan kommunisera med heimetenesta elektronisk. Helsenorge.no er den digitale inngang til ei samla helse og omsorgsteneste. Der får du informasjon og tenester som hjelp deg til å følgja opp eiga helse. Helsenorge.no er ein sikker kanal for å utveksle informasjon.
På helsenorge.no kan du sende og få meldingar frå helse og omsorgstenesta i kommunen. Du kan sjå avtalar om heimebesøk og du kan få varslar om utførte heimebesøk på tekstmelding eller e-post.
Dette tilbodet skal sikre at du som får tenester frå kommunen eller er pårørande
- enklare kan ha kontakt om det som er viktig for deg
- slepp telefonkø
- kan skriva og lesa meldingar når og kvar det passar for deg
- har oversikt over kva du får av hjelp og enklare kan planlegge kvardagen
- kan gi beskjed når det er nødvendig og endre eller avbestille avtalar
Meldingane du sender på helsenorge.no kan erstatta beskjedar og spørsmål som du fram til no har gjort pr. telefon, papir eller andre måtar.
- Når du kontaktar helse og omsorgstenesta i di kommune via helsenorge.no vil dei svare via helsenorge.no.
- Du kan forvente å få svar første virkedag etter at du har sendt ei melding.
- Meldingane frå deg blir berre lest av tilsette som har lov til å sjå opplysningar om deg.
- Du vil få varsel om nye meldingar til deg på tekstmelding eller e-post, avhengig av kva du føretrekk.
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du må logga deg inn på helsenorge.no Lenke til et annet nettsted..
Her må du bruka bank ID eller tilsvarande når du loggar inn grunna tryggleik.
For å bruka tilbodet må du ved innlogginga akseptera bruksvilkåra. Frå du aksepterer bruksvilkåra vil det ta ein dag før du kan bruka det nye tilbodet på helsenorge.no.
Det er og mogleg å gi andre fullmakt til å bruka tilbodet på vegne av deg.
Her finn du fullmaktsskjema Lenke til et annet nettsted. til Helsenorge. Dette kan også gjerast på helsenorge.no. Du avgjer sjølv kva personar du ynskjer å gi fullmakt til.
Prisar
Heimebaserte tenester
Stord kommune sine betalingssatsar skal til ei kvar tid vera i samsvar med:
- Forskrift til lov om kommunale helse- og omsorgstenester
- Rundskriv – presisering av regelverk for eigenbetaling for helse- og omsorgstenester
- Gjeldand rundskriv om fribeløp og eigendelar for kommunale pleie- og omsorgstenester
- Forskrift om endring i forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester - Lovdata Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Det er ingen eigenbetaling for følgjande tenester:
- Personretta tenester (heimesjukepleie)
- Avlasting
- Støttekontakt
Praktisk bistand og opplæring
Husstanden si nettoinntekt | Abonnement | Timepris |
|---|---|---|
| Inntil 2G | 245 | 0 |
| 2G - 3G | 2 353 | 588 |
| 3G - 4G | 3 529 | 588 |
| 4G - 5G | 4 705 | 588 |
| Over 5G | 5 882 | 588 |
Eigenbetaling per mnd/time
Sjå oversikt over grunnbeløpet (G) i folketrygden på Skatteetaten Lenke til et annet nettsted.
Minstepensjonistar betalar i samsvar med forskriftene, f.t. kr. 245 per mnd., uansett timetal.
Ein legg opp til auke i timeprisen med 4 % i 2026 til kr 588. Abonnementsprisen er bygd opp på 4 x timepris for 2G-3G, 6 x timepris for 3G-4G, 8 x timepris for 4G -5G, og 10 x timepris for inntekt over 5G. Tidsforbruket vert runda opp til næraste halve time. Ingen tenester skal kosta over 588 kr pr time.
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Fellesfunksjonar
- Innsatsteam
- Brukarretta tenester
- Tiltak for heimebuande personar med demens og deira pårørande
- Kontakt heimebaserte tenester
- Tildelingskontoret
- Heimehjelp
- المساعدة المنزلية
- Ruoktoveahkki
- Home Assistance
- Aide à domicile
- Социальное обслуживание на дому
- Ev işlerinde yardım
- Hjemmehjelp
- Dikšu eallima loahpageahčen
- End-of-life care
- Pleie i livets sluttfase
- Pleie i livets sluttfase
- Soins palliatifs
- Yaşamın son aşamasında bakım
- Уход за умирающим пациентом
- الرعاية في المرحلة النهائية في الحياة
- Heimesjukepleie
- التمريض المنزلي
- Hjemmesykepleie
- Home Nursing Care
- Ruovttubuohccedikšun
- Soins à domicile
- Медсестра-сиделка
- Evde hasta bakımı
- Heimerehabilitering
- Demensrådgjevar
- Husahaugen bustadar
- Sæbøhaugen B
- Valvatna bustadar
- Åsen bustadar
- Studalen bustadar
- Informasjon til barn og unge med nedsett funksjonsevne
- Foreldre til barn og unge med nedsett funksjonsevne
- Avlasting
- Медико-санитарные услуги для беженцев, лиц, ищущих убежища и воссоединенных членов семьи
- Dearvvašvuođa- ja fuolahusbálvalusat báhtareddjiide, dorvoohcciide ja sidjiide geat leat bearrašiin deaivvadan
- الخدمات الصحية والرعوية للاجئين وطالبي اللجوء والقادمين عبر جمع الشمل الأسري
- Mülteciler, sığınmacılar ve yeniden birleşen aileler için sağlık ve bakım hizmetleri teklifi
- Offre de services de soins et de santé aux réfugiés, demandeurs d’asile et bénéficiaire du regroupement familial
- Health and Care Services for Refugees, Asylum Seekers, and Family Reunification Beneficiaries
- Helse- og omsorgstjenestetilbud til flyktninger, asylsøkere og familiegjenforente
Sist oppdatert
