Pleie i livets sluttfase

Kort fortalt

Ein pasient med ein sjukdom som ikkje kan lækjast og med kort forventa levetid kan få tilbod om å leve den siste tida heime i staden for på sjukehus. Pasienten får den nødvendige medisinske pleia i sin eigen heim.

Beskrivelse

Det pasienten og dei pårørande ønskjer, skal ha mykje å seie ved avgjerda om pasienten skal vere heime eller på institusjon i livets sluttfase. Dersom den sjuke er heime, må både pasient og pårørande få tilstrekkeleg opplæring i bruk av medisinar, smertepumpe eller andre hjelpemiddel. Pasienten har krav på å få informasjon om personar i helsevesenet han/ho kan kontakte når det måtte vere nødvendig. Omsorg og respekt for kvart einskilt menneske er viktig i møte med ulækjeleg sjuke og døyande menneske. Pasienten må få eit tilbod som er slik at den siste tida kan bli opplevd som meiningsfull. Pasienten må mest mogleg få leve slik han/ho ønskjer det.

Målgruppe

Pasientar med ulækjeleg sjukdom og kort forventa levetid

Regelverk

Denne tenesta er ikkje lovpålagd. Kommunen kan velja å tilby han for å oppfylla helse- og omsorgstenestelova § 1-1 og kapittel 3.
Sjå også
pasient- og brukarrettigheitslova § 3-1.

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du kan søkje kommunen om palliativ behandling (lindrande behandling i livet sin sluttfase).

Saksbehandling

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar. I tillegg til kommunal heimesjukepleie kan det vere aktuelt med hjelp frå spesialisthelsetenesta.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker fra du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket. Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Du kan også klage til statsforvaltaren i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta, utilstrekkeleg eller feil informasjon eller brot på teieplikta. Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.


2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 29.01.2025

Prisar

Stord kommune sine betalingssatsar skal til ei kvar tid vera i samsvar med:

Det er ingen eigenbetaling for følgjande tenester:

  • Personretta tenester (heimesjukepleie)
  • Avlasting
  • Støttekontakt

Praktisk bistand og opplæring 

Husstanden si nettoinntekt

Abonnement

Timepris

Inntil 2G2400
2G - 3G2 262565
3G - 4G3 392565
4G - 5G4 523565
Over 5G5 654565
Eigenbetaling per mnd/time

Sjå oversikt over grunnbeløpet (G) i folketrygden på Skatteetaten Lenke til et annet nettsted.

Minstepensjonistar betalar i samsvar med forskriftene, f.t. kr. 240 per mnd., uansett timetal.  

Ein legg opp til auke i timeprisen  med 4,5 % i 2025 til kr 565. Abonnementsprisen er bygd opp på 4 x timepris  for 2G-3G, 6 x timepris for 3G-4G, 8 x timepris for 4G -5G, og 10 x timepris for inntekt over 5G. Tidsforbruket vert runda opp til næraste halve time. Ingen tenester skal kosta over 565 kr pr time.

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?